Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 41
53
Balladane i norsk kultur etter 1840
Velle Espeland
Dette er eit forsøk pá á risse opp nokre lin-
er av historia til dei norske balladane etter
oppskrivingstida. Mesteparten, for ikkje á
seie all, norsk balladegransking har kon-
sentrert seg om balladane sitt forhold til
mellomalderen eller balladane og trader-
ingsmiljøet. Dette er eit omráde der kjel-
dene nødvendigvis er svært sparsame og
granskinga vil dermed bli prega av kvalifis-
ert gjetting. Dersom ein derimot tek for seg
balladane si kulturhistorie etter oppskriv-
ingstida er det til gjengjeld rike kjelder á gá
til, men lite gransking gjort. Førebels har eg
berre hatt høve til á gá gjennom ein del
kjelder sá dette vil fá eit preg av skisse.
Det er altsá ikkje forskingshistoria eg vil
skrive pá nytt. Den er skriven før bl. a. av
dansken Erik Dal. Men derimot vil eg sjá
pá balladens kulturhistorie, balladen som
kulturfaktor og som element i etableringa
av ein norsk kultur.
Da oppskrivinga av balladar tok til i Noreg
var desse visene stort sett ukjende for dei
fleste nordmenn. Dette heng saman med at
balladane i Noreg hadde overlevd innanfor
avgrensa omráde. Det viktigaste omrádet
var Telemark med Setesdal. Herifrá skriv
dei aller fleste balladeoppskriftene seg.
Utanfor dette omrádet har det funnest ein
del mindre balladelommer, som likevel har
kome i skuggen av Telemark. Vi kan nemne
Solør der Lindeman skreiv opp ikkje min-
dre enn 18 balladar pá ein lynvisitt som-
maren 1864. Balladane er skrivne opp etter
tre songarar som alle budde i nærleiken av
skysstasjonen. Andre balladesamlarar har
ikkje vore i omrádet og vi kan berre fan-
tasere om kva som kan ha funnest i bygda
elles. Utanfor desse balladeomráda kan vi
finne enkeltballadar. Særleg er Dei to systre
TSB A 38 ei ballade med god spreiing.
Mange av skjemtevisene (Gruppa F i TSB
katalogen) er ogsá godt kjent utover store
delar av landet.
Det kulturelt interesserte borgarskapet i
byane og dermed ogsá akademikarane, var
heilt ukjent med den norske balladetradis-
jonen. Det dei kanskje kunne ha ein kjenn-
skap til var ei og anna skjemtevise. At Ped-
er Syvs danske Kjempevisebok var utbreidd
i Noreg kunne nok ogsá dei som inter-
esserte seg for slikt vere klar over.
Innsamlinga av balladane tok til i 1840 og
etter kvart forstod samlarane at Noreg
Fróðskaparrit 42. bók. 1994: 53-60