Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 46
58
BALLADANE INORSK KULTUR ETTER 1840
Balladane som danseviser
Det var konsertane til Torvald Lammers og
forelesingane til Moltke Moe som opna
augo pá Hulda Garborg for balladane, men
kima til balladedansen i Noreg var eit lite
hefte som den danske folkemusikkfors-
karen Hjalmar Thuren gav ut i 1901: Dans
og Kvaddigtning pá Færøerne. Dette heftet
omtalte Hulda Garborg i ei bokmelding i
januar 1902. Og alt der ivrar ho for at ein i
Noreg má ‘ta opp att’ folkevisedansen. Og
pá grunnlag av Thurens bok starta ho straks
med songdans i Bondeungdomslaget i
Kristiania. Den 7 mars same áret heldt Ame
Garborg eit foredrag om ‘gamall nordisk
folkevisedans’ og Hulda Garborg saman
med 7-8 veninner framførte Knut Liten og
Sylvelin, Per Spelmann og Tostein tala te
staven sin som dans for eit stort publikum.
Hulda Garborg hadde pá denne tida ikkje
sett færøydans. Hjalmar Thurens knappe
bok er det einaste ho har á halde seg til og
det er derfor ikkje sá rart at báde hand-
grepet og máten á plassere føtene pá vert
misforstátt.
Hulda Garborgs opphavelege dansesteg. Illustrasjon
frá Klara Sembs instruksjonsbok
Litt seinare pá váren reiser Hulda pá ein
studietur til Færøyane og Island. Dermed
fekk ho høve til á sjá færøydansen og av det
ho skriv forstár vi at dansen gjorde sterkt
inntrykk pá henne. Tilbake i Oslo forandrar
ho folkevisedansen i samsvar med færøy-
dansen. Den tidlegare dansemáten over-
levde likevel som ein variant under namnet
folkevisesteget, i motsetning til det nyin-
ntroduserte som vart kalla færøysteget. Eit
moment som skil den norske folkevise-
dansen frá færøydansen er det som vert
kalla ‘brigde’. Dette er koreograferte turar
som vert dansa pá refrenget etter kvart vers.
Ordet brigde betyr forandring. Desse brig-
da er ulike frá vise til vise og gjer den
norske folkevisedansen vanskelegare enn
den færøyske. For á kunne delta i dansen av
ei vise má ein ha lært det spesielle brigdet
som høyrer visa til. Sáleis gjer brigdet
dansen meir ekskluderande, men ogsá meir
variert og livfull. Hulda Garborg brukte
slike brigde alt i dei første dansane. Da var
brigdet enkelt, berre ein liten variasjon over
det vanlege dansesteget. Etter kvart vart
brigda utvikla til á bli meir spektakulære,
dansen fekk meir preg av framsyningsdans.
Færøysteget frá Klara Sembs instruksjonsbok