Fróðskaparrit - 01.01.1994, Síða 55
67
Det norrøne folkeviseomrádet og Færøyane
Brynjulf Alver
Det var Emst von der Recke som først pei-
ka pá todelinga av dei nordiske folke-
visene. I avhandlinga Folkevisestudier
(1907) skilte han mellom austnordisk og
vestnordisk folkevisedikting. Skilnaden
fann han i at den vestnordiske i særleg grad
var episk:
Den færøiske Vise interesserer sig ganske an-
derledes for Begivenheder end den danske, vexlende
Tildragelser, hvis tiltrækning forhøies ved det Even-
tyrlige, høre til dens Charaktertræk.
Gmnnlaget for at han kunne skilja mellom
dei to visegmppene lág i den innsikt han
hadde vunne i arbeidet med “Folkevisemes
Parallelsteder”, dette kollosale jamførings-
verket som aldri har vore prenta. Konklu-
sjonen var like bastant som klár:
Spørger man, hvor Digtningen i Visetiden har ud-
foldet sin rigeste Blomstring, behøver man blot at se
paa Samlingemes Volumina. Allerede disse sige En,
at den har to Hovedarnesteder: et østnordisk i Dan-
mark og et vestnordisk paa Færøeme. I hvert af disse
viser et System sig udpræget, og i begge fremtræde
de skolemæssige Modsætninger med den største
Skarphed.” (Recke, 1907: 81).
Mot von der Reckes syn talte Sverker Ek,
Griiner-Nielsen og Knut Fiestøl. Fiestøl
bygde sin argumentasjon særleg pá Sverker
Eks granskingar, medan Griiner-Nielsen
heilt bygde pá Fiestøl. Det er ogsá hans ar-
gument som er best formulerte. For han var
det sjølvsagt at vi her hadde med problem-
stillinga sentmm og periferi á gjera: “Det
norrøne umrádet er av norsk rot, det er eitt
moderland og ei rekkje nybygder.” (Li-
estøl, 1936; her sitert etter 1941: 152). Han
skriv:
Folkevisa syner oss Telemark, Agder, Vestlandsfyl-
ki, Shetland, Færøyane og i nokon mun Island som
eit samanhangande kultummráde, Havet som geo-
grafisk kløyver umrádet upp, vert mest som eit inn-
landshav som bind saman. Bergen var den centrale
staden for det norrøne umrádet, og det er merkande
at fleire folkevisor hev ei serskild tilknyting til
Bergen (Liestøl, 1941: 154).
Og vidare:
Me kann tenkja oss korleis det má ha vore i denne
byen, der so mange møttest. Der kunde færøyingane
trø dansen i lag med nordmenn báde frá sud og nord,
báde frá by og bygd, og der kunde dei lærenæme fá
høyrt visa, kanskje gong pá gong, og taka henne med
seg i minnet. Me hev set noko av det same pá
Færøyane i váre dagar. Der hev visedansen vore i
hæve, der hev folk frá alle øyane kome saman i den
Fróðskaparrit 42. bók. 1994: 67-70