Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 56

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 56
68 DET NORRØNE FOLKEVISEOMRÁDET OG FÆRØYANE einaste byen, Torshavn, kvar olsokhelg, og dansa og sunge kvaddans i lag. Ikkje berre Bergen, men ogso skogbygdene og hamnestadene pá Vest- og Sørlan- det var møtestad for folk frá nybygdene og frá mod- erlandet. Og desse kystbygdene stod, som me hev set, atter i samband med dei indre bygdene pá vest- sida og austsida av fjellet (Liestøl, 1941: 155). Seinare har dette vore eit aksiom, og forskarane har seinare fylt ut med meir ma- terial. Slik ogsá Svale Solheim i avhandlin- ga om den sákalla falske Margrete. Det finst ingen heilslege norske tekster, berre fragment, medan vi finn visa i rik utform- ing pá Færøyane. Etter kongressen pá Røros drøfta Chr. Matras heimfestinga med Solheim: Matras stelte dá spørsmálet om ikkje visa kunne vera dikta av ein færøying. Eg mátte vedgá at det prinsipielt godt kunne vera tilfelle, men hevda elles at det var naturleg á tenkja seg at visa var dikta i - eller nær - Bergen av ein som hadde opplevd dei hendingane visa fortel om, pá nært hald (Solheim, 1970: 297). Men Solheim skulle koma pá andre tankar og han vart skeptisk til ein del av Knut Lie- støls argumentasjon. Det synte seg at det ikkje var litande argument, men meir pá- standar. Liestøl skreiv t.d. om visa Hauge- bonden (færøysk Gullsteinur): Ho er norsk upphavleg, og dei færøyske variantane stend nærast dei vest-norske uppskriftene frá Lista til Sunnfjord (Liestøl, 1941: 150). Men, skreiv Solheim: Her kan det vera freistande á snu spørsmálet om: Kan ikkje likskapen med dei vestnorske variantane like godt forklarast slik at visa har vandra til Vest- Noreg frá Færøyane? (Solheim, 1970: 299). Verre skulle det bli. Etter á ha arbeidd med typekatalogen over nordiske viser, var det stygge hol som kom fram: Mellom kjempevisene er Færøyane representert med 115 typar, medan Noreg har 27. Til jamføring kan nemnast at Danmark har 40 typar, Sverige 21 og Island 4. Dertil kjem sá det einslege Hildina-kvedet frá Shetland. Dette viser ein uvanleg sterk færøysk dominans, som verkar endá sterkare nár vi tel opp dei kjempevise-typane som berre finst pá Færøyane, resp. Noreg. Dá viser det seg at Færøyane er áleine om heile 101 typar, medan det av sæmorske kjem- peviser berre finst 5. Til utfylling av biletet kan opp- lysast at 6 kjempevise-typar er sams færøysk- norske, dvs. dei finst ikkje i noko anna nordisk lanđ. Tilsvarande bilete gjev ei oppstilling av trollvisene. Av slike finst det 35 færøyske typar, medan det norske tilskotet er 14 typar (Solheim, 1970: 301). Solheim vága ikje á dra dei fulle konse- kvensane av desse tala, men den færøyske dominansen gjorde eit sterkt inntrykk pá han: Den store færøyske dominansen nár det gjeld kjempe- og trollvisene synest meg á vera eit klárt vitnemál om ei sjølvstendig, særfærøysk utvikling, med stendige nydiktingar, tildiktingar og omdiktin- gar pá det gamle, tradisjonelle grunnlaget. Dette er ogsá heilt naturleg nár vi tenkjer pá den viktige rol- la dansen har spela for vise-kvedinga, til á halda levande den funksjonen visene har hatt i det færøyske samfunnet. Dette samlivet mellom dans og kveding má ha vore ein av dei viktigaste føreset- nadene for at dette slaget dikting har vorte sá rotfest pá Færøyane, at dikting i ballade-form har kunna skyta nyrenningar like opp i vár tid. Slike vilkár har den gamle visediktinga ikkje hatt i noko anna nordisk land. (Solheim, 1970: 305). Seinare gav han munnleg uttrykk for at Færøyane nok mátte ha vore sentral i ut- forminga av desse balladegruppene. Dette med Bergen som produksjonssen- ter og Vestlandet som eit vestnorsk folke- viseomráde saknar grunnlag i materiale.
Page 1
Page 2
Page 3
Page 4
Page 5
Page 6
Page 7
Page 8
Page 9
Page 10
Page 11
Page 12
Page 13
Page 14
Page 15
Page 16
Page 17
Page 18
Page 19
Page 20
Page 21
Page 22
Page 23
Page 24
Page 25
Page 26
Page 27
Page 28
Page 29
Page 30
Page 31
Page 32
Page 33
Page 34
Page 35
Page 36
Page 37
Page 38
Page 39
Page 40
Page 41
Page 42
Page 43
Page 44
Page 45
Page 46
Page 47
Page 48
Page 49
Page 50
Page 51
Page 52
Page 53
Page 54
Page 55
Page 56
Page 57
Page 58
Page 59
Page 60
Page 61
Page 62
Page 63
Page 64
Page 65
Page 66
Page 67
Page 68
Page 69
Page 70
Page 71
Page 72
Page 73
Page 74
Page 75
Page 76
Page 77
Page 78
Page 79
Page 80
Page 81
Page 82
Page 83
Page 84
Page 85
Page 86
Page 87
Page 88
Page 89
Page 90
Page 91
Page 92
Page 93
Page 94
Page 95
Page 96
Page 97
Page 98
Page 99
Page 100
Page 101
Page 102
Page 103
Page 104
Page 105
Page 106
Page 107
Page 108
Page 109
Page 110
Page 111
Page 112
Page 113
Page 114
Page 115
Page 116

x

Fróðskaparrit

Direct Links

If you want to link to this newspaper/magazine, please use these links:

Link to this newspaper/magazine: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link to this issue:

Link to this page:

Link to this article:

Please do not link directly to images or PDFs on Timarit.is as such URLs may change without warning. Please use the URLs provided above for linking to the website.