Fróðskaparrit - 01.01.1994, Síða 58
70
DET NORRØNE FOLKEVISEOMRÁDET OG FÆRØYANE
mange vokalformer. Det finst inga kjelde
som knyter balladedansen til Noreg før
Hulda Garborgs tid.
Grunnen til at denne dansen vart sá dom-
inat pá Færøyane, má vi søkja i at dei
mangla instrumentaldans. Ved hoffet i
Bergen kan det knappast ha vore mangel-
vare. Her ligg det ei klár forskeroppgáve.
Det er ogsá voldsomt at vi má gá gjen-
nom fleire árhundre og til framande kultur-
ar for á finne opphavet til ein dans som er
sá einfeld at den høyra til kvar som helst.
Frá synsfeltet i København, Stockholm og
Oslo var Færøyane i periferien. Difor vart
dei frádømd skaparevna til noko sá einfeld
som á ta to steg fram og eitt tilbake. Sjølv-
sagt er dette grovt diskriminerande, og
forskarane má ha gløymt at for færingane
er Færøyane sentrum, og storbyjungelen i
dei andre nordiske byane periferi.
I denne diskusjonen gløymde forskarane
at det ikkje berre var tale om eit stegmøn-
ster og ein visegenre, men om eit sosiokul-
turelt fenomen. Det har med samhandling á
gjera, der tekst og melodi, forteljing, den
fysiske nærleiken i eit avgrensa rom og
samhandlinga i form av song og rørsle vert
ein heilskap. Og denne heilskapen er sær-
merkt for Færøyane, og finst berre der.
Litteratur
Alver, Brynjulf. 1981. Friarferda til Gjøtland. Tradisjon
11:78.
Dal, Erik. 1956. Nordiskfolkeviseforskning siden 1800.
København.
Liestøl, Knut. 1936. Det norrøne folkeviseumrádet.
Nordisk Tidsskrift: 271-283.
Liestøl, Knut. 1941. Saga ogfokeminne. Oslo: 143-155.
Recke, Emst van der. 1907. Folkevisestudier. Vest-
nordisk Indflydelse i Dansk. Danske Studier: 79-
120.
Solheim, Svale. 1970. Færøysk-norsk i folkevisedik-
tinga. Fróðskaparrit 18: 297-306.
Brynjulf Alver
Ytre Fosse
N-5102 Alversund
Norge