Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 64

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 64
76 BALLADEN HOS SIGRID UNDSET ten av leikarvolden og saa paa...men fik han det hugskott, saa blev han ubedt med i leken...og lystet det ham at danse med en mø, saa vyrdet han hverken hendes brødre eller frænder, men danset og gik og sat to- ene med piken” (Korset: 381f.). Samla skaper dei forskjellige formene for tekstlán det vi kan kalle ei balladesk stemning i Kristin Lavransdatter. Person- ane vi møter, har alle - meir eller mindre - eit forhold til viser. Ikkje minst høyrer bal- ladedans og balladesong med til ungdoms- kulturen. Vi fár inntrykk av at balladen ut- gjer ein viktig del av tanke- og kjensleliv - mentalitet - hos folk flest, den er klangbotn for erfaringar og opplevingar. Nár det gjeld nokre viser, spelar dei meir sentrale roller i Kristin-trilogien og knyter seg til viktige motiv i verket. Brurerovet I det siste kapitlet i Kristin Lavransdatter fár Kristin besøk i nonneklostret pá Rein av sonen Skule. Han fortel om broren Gaute som ná er den mektigaste mannen “i nord- dalene”. Gaute er gift med Jofrid Helges- datter - ei jente som han har røva frá slekt og frendar. “”De kvæder en vise om det, ja da synger de nu at han tok møen med jem og med staal og han slos med frændeme hendes tre dager tilende oppaa heien for- tel Skule (Korset: 497). Denne historia om Gaute og Jofrid heng saman med det større og viktige bmrerovs- motivet i Kristin Lavransdatter. Plassert heilt pá slutten av trilogien mndar det mo- tivet av og knyter trádane til dei andre brurerova det blir fortalt om. Saman med det aller første brurerovet som blir omtala - pá første side i Kransen - dannar det ramme kring handlinga. Og i og med at vi fár vite at folk “kvæder en vise” om brurerovet, blir motivet direkte bunde til balladen - til den visegmppa som gjerne blir kalla brurerovsviser. Gaute Erlendssøns bmrerov er bare eitt av fleire. Om ikkje Erlend direkte røvar Kristin i den meining at han dreg bort med henne, syter han i alle fall for at festarmáls- avtalen mellom henne og Simon blir broten - medan ho er gjest i Nonneseter - og at giftarmálet mellom Kristin og han blir pres- sa fram mot Ragnfrids og særleg Lavrans’ vilje. Kristin er med bam nár bryllaupet blir feira. Dessutan tenkjer Erlend ei tid pá á fare av land med Kristin: “Nu vet jeg ikke bedre raad, siden Kristin og jeg vil ikke la os tvinge fra hinanden, end at jeg tar hende bort med vold” (Kransen: 255). Ein variant av brurerovsmotivet repre- senterer ogsá episoden med Erlends dotter Margret og “ung Haakon fra Gimsar” - han besøker Margret uløyves i jomfruburet pá Husaby. Erlend overraskar friaren pá fersk gjeming og høgg armen av han. Haakon en- dar som krøpling og Margret blir i hui og hast bortgift til kjøpmannssonen Gerlak Tiedekenssøn (Husfme: 374ff.). Episoden har ein viss likskap med handlinga i “Bendik og Arolilja”. Men jamvel om ut- gangen má kallast bmtal nok for dei to unge, manglar det ekte og storslátt tragiske. Dels er friaren langt frá á vere nokon helt pá Bendiks nivá - han er dessutan gift - og dels trøystar Margret seg noksá fort med kjøpmannssonen sin. Elles har den danske balladen “Den afhugne hánd” motivlikskap med Margret-Haakon-episoden. I balladen
Page 1
Page 2
Page 3
Page 4
Page 5
Page 6
Page 7
Page 8
Page 9
Page 10
Page 11
Page 12
Page 13
Page 14
Page 15
Page 16
Page 17
Page 18
Page 19
Page 20
Page 21
Page 22
Page 23
Page 24
Page 25
Page 26
Page 27
Page 28
Page 29
Page 30
Page 31
Page 32
Page 33
Page 34
Page 35
Page 36
Page 37
Page 38
Page 39
Page 40
Page 41
Page 42
Page 43
Page 44
Page 45
Page 46
Page 47
Page 48
Page 49
Page 50
Page 51
Page 52
Page 53
Page 54
Page 55
Page 56
Page 57
Page 58
Page 59
Page 60
Page 61
Page 62
Page 63
Page 64
Page 65
Page 66
Page 67
Page 68
Page 69
Page 70
Page 71
Page 72
Page 73
Page 74
Page 75
Page 76
Page 77
Page 78
Page 79
Page 80
Page 81
Page 82
Page 83
Page 84
Page 85
Page 86
Page 87
Page 88
Page 89
Page 90
Page 91
Page 92
Page 93
Page 94
Page 95
Page 96
Page 97
Page 98
Page 99
Page 100
Page 101
Page 102
Page 103
Page 104
Page 105
Page 106
Page 107
Page 108
Page 109
Page 110
Page 111
Page 112
Page 113
Page 114
Page 115
Page 116

x

Fróðskaparrit

Direct Links

If you want to link to this newspaper/magazine, please use these links:

Link to this newspaper/magazine: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link to this issue:

Link to this page:

Link to this article:

Please do not link directly to images or PDFs on Timarit.is as such URLs may change without warning. Please use the URLs provided above for linking to the website.