Fróðskaparrit - 01.01.1994, Side 69

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Side 69
BALLADEN HOS SIGRID UNDSET 81 164). Nokon forlovingssituasjon stár Kris- tin ikkje i nár ho møter alvemøya, og episo- den fungerer derfor bl.a. som varsel eller frampeik. Men som vi har vore inne pá ovanfor, kan scenen likevel seiast á vekkje erotiske assosiasjonar - og noko av det sen- trale i forlovingssituasjonen er derfor til stades. Kirsten er det mest populære kvinne- namnet i danske folkeviser, og det er grunn til á tru at Kjersti og andre namneformer utvikla av Kristin/Kristina har same plass i norske balladar. Den mest kjende balladen med ei kvinne som heiter Kjersti i hovu- drolla, er truleg “Liti Kjersti” . Vi har alt jamført pyntescenen i denne visa med til- svarande scene i Kransen. I “Liti Kjersti” fár den kvinnelege hovudpersonen fleire barn med bergekongen, og til slutt má ho fortelje mor si om kva som har hendt. Bergekongen kjem sá og tar med seg liti Kjersti inn i berget, og han skjenker henne vin med villarkonn i slik at ho gløymer menneskeverda. Det er ikkje bare pyntescenane som kan jamførast i Kransen og “Liti Kjersti”. I bal- laden fár mor til liti Kjersti vite at ho har bam med bergekongen nár ho oppdagar at det renn mjølk frá brysta hennes. Dei ak- tuelle strofene i “Liti Kjersti” kling med i ein scene i Kransen: ‘Kristin knuget hæn- derne sammen i sit fang - farven kom og gik i hendes ansigt. Moren la en arm om hendes liv - men Kristin vred sig fra hende og skrek, ute av sig av sindsoprør: “La mig være, mor! Skal I kjende efter om jeg er blit tykkere i midjen kanhænde (Kransen: 236). Liti Kjersti kjem seg aldri ut av berget. Men nár Kristin i Korset har besøkt Erlend pá heigarden Haugen og dei har levd saman i lykkerus som i ungdommen, tenkjer ho i eit glimt at det “var som vendte hun hjem fra berget. Som var Erlend bergkongen selv og kunde ikke komme forbi kirken og kor- set pá bakken” (Korset: 287). I skildringa av det siste kjærleiksmøtet mellom Kristin og Erlend renn minningar frá tidlegare møte saman med ballade-allusjonar. Nár Erlend kjem pá at han vil ta eit bad i fjell- bekken, tenkjer lesaren pá fjellbekken som den sju ár gamle Kristin spegla seg i for lenge sidan. Da ság ho ein refleks av alvemøya. Ná ser ho - som ein nøkk ved kulpen - “Erlends hvite legeme - han stod med foten oppe paa en sten og skrubbet sig med græstufser”. Og nár han ymtar om at han kunne trenge ei ny skjorte, svarar Kristin som forelska ungjenter i folke- visene at ho “skal ta paa og sy og sømme skjorte til dig, straks jeg kommer hjem” (ibid.: 280). Blomstersymbolikken er tydeleg nár Er- lend plukkar kjærleiksblomen “Friggja- græs” og “vilde stappe blomsterne ind paa hendes barm”. Báde Kristin og Erlend má minnast eit anna og tidlegare møte, da Er- lend fekk ei rose av Kristin “i hagen paa Hofvinspitalen” (ibid.: 281). Ingen av dei tenkjer sá langt attende som til Kristins møte med alvemøya og blomsterkransen av vendelrot - men lesaren gjer det - slik lesaren uvilkárleg vil la dei vanlege bal- lademetaforane med roser og liljer, klinge med. Det er Kristin som særleg tenkjer pá naturmaktene. Men ogsá Erlend reknar spøkefullt med dei -som nár han skal fare
Side 1
Side 2
Side 3
Side 4
Side 5
Side 6
Side 7
Side 8
Side 9
Side 10
Side 11
Side 12
Side 13
Side 14
Side 15
Side 16
Side 17
Side 18
Side 19
Side 20
Side 21
Side 22
Side 23
Side 24
Side 25
Side 26
Side 27
Side 28
Side 29
Side 30
Side 31
Side 32
Side 33
Side 34
Side 35
Side 36
Side 37
Side 38
Side 39
Side 40
Side 41
Side 42
Side 43
Side 44
Side 45
Side 46
Side 47
Side 48
Side 49
Side 50
Side 51
Side 52
Side 53
Side 54
Side 55
Side 56
Side 57
Side 58
Side 59
Side 60
Side 61
Side 62
Side 63
Side 64
Side 65
Side 66
Side 67
Side 68
Side 69
Side 70
Side 71
Side 72
Side 73
Side 74
Side 75
Side 76
Side 77
Side 78
Side 79
Side 80
Side 81
Side 82
Side 83
Side 84
Side 85
Side 86
Side 87
Side 88
Side 89
Side 90
Side 91
Side 92
Side 93
Side 94
Side 95
Side 96
Side 97
Side 98
Side 99
Side 100
Side 101
Side 102
Side 103
Side 104
Side 105
Side 106
Side 107
Side 108
Side 109
Side 110
Side 111
Side 112
Side 113
Side 114
Side 115
Side 116

x

Fróðskaparrit

Direkte link

Hvis du vil linke til denne avis/magasin, skal du bruge disse links:

Link til denne avis/magasin: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link til dette eksemplar:

Link til denne side:

Link til denne artikel:

Venligst ikke link direkte til billeder eller PDfs på Timarit.is, da sådanne webadresser kan ændres uden advarsel. Brug venligst de angivne webadresser for at linke til sitet.