Fróðskaparrit - 01.01.1964, Page 170
178
Jakob Jakobsens folkeminnetekster pá norn
samlaren og forskaren Jakob Jakobsen. Noko av det første
som slár oss, er at han má ha hatt reint uvanlege evner
som samlar. Det store materialet han fekk tak i, vitnar om
at han har hatt lett for á bli kjend med heimelsmennene
sine, vinna tillit hos dei og fá dei aktivt interesserte i si
arbeidsoppgáve. Dei opplysningane han gjev i den — des=>
verre — ufullførde innleiinga til ordboka, stadfester at han
greidde á skapa seg personlege vener i heimelsmennene
sine. Vi kan merka hans kjensle av ansvar for den oppgáva
han hadde sett seg og hans kjensle av plikt til á gjennorm
føra henne sá godt som han makta det. Vi møter hans evne
til streng metodisk systematisering av stoffet og hans vakne
sans for á fá med alle opplysningar — ikkje minst reab
kommentarer og bakgrunnsstoff — som kunne kasta lys
over materialet og underbyggja hans konklusjonar. Det er
ikkje minst dette som har gjeve desse to arbeid om Shet*
lands«málet varande verd, báde for sprákforskaren og for
folkeminneforskaren.
I det fylgjande skal eg med eit par døme visa korleis
Jakobsens noggrant presise og fullstendige framlegging av
kjeldematerialet har vore føresetnaden for á identifisera
fragment av folkeminnetekster, og dermed vore til stor hjelp
for folkeminneforskninga. Regelen er nemleg at dei shet*
landske tekstene berre er brotstykke og dertil ofte forvende
i málvegen, slik at dei er vanskelege, for ikkje á seia umoge=
lege, á tolka sikkert.
Pá side 19—20 i «Det norrøne sprog pá Shetland» gjev
Jakobsen att frá Foula fylgjande strofe (her med noko
normalisert skrivemáte):
I have malt (malet, mælt) mxldra min (mælđren),
I have supet usen (popet posen),
ende seve de sede lin (eller: ante lige de søde min el. lin),
and dene (=a) komene (a=) lusa (Ijus).
Dette fører han tilbake til denne opphavsform:
Ek hef malit meldra mín (el. meldrann),
ek hef sópat húsin;