Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 61

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 61
BALLADEN HOS SIGRID UNDSET 73 finst det langt fleire á velje blant i Grundt- vigs Danmarks gamle Folkeviser enn i Landstads Norske Folkeviser. Dessutan valde Landstad eit sá arkaisk sprák da han gav att dei norske visene, at det stakk urimeleg mykje av - tekstane hans mátte i alle fall normaliserast. Og innlánte ballade- tekstar burde ikkje - kan det hevdast - skil- je seg for mykje frá den spráklege omgjev- naden. Den nordiske mellomalderballaden er ein munnleg tradert song, knytt til dans. Formelt er strofene svært enkle - oftast med to eller fire linjer og omkvede. I dei tolinja strofene er omkvedet delt i mellom- stev og etterstev. Balladen er episk og hold- ninga til det fortalde objektiv - spráket er prega av klisjear eller formlar (Jonsson et al, 1978: 14ff.). Tradisjonelt blir balladane delt i seks grupper: naturmytiske viser, leg- endeviser, historiske viser, riddarviser, kjempe- og trollviser og skjemteviser. Reint talmessig dominerer riddarvisene, bl.a. for di den danske renessanseadelen skreiv sá mange slike viser - i gammal stil. I Kristin Lavransdatter finn vi tekstlán frá alle seks visegrupper- men riddarvisene og dei naturmytiske visene spelar størst rolle. I Kransen - første del av romantrilogien - blir det fortalt, at Danske-Sivord syng ei vise, og fleire strofer blir sitert. Det er ei riddarvise om “Ivar herr Jonsøn” - betre kjend som “Iver Jonsøn rømmer af land” (Kransen: 156f.). Og i eit av dei første kapitla i Korset blir det alludert til ei av dei mest kjende naturmytiske visene - “Ville- mann og Magnhild” eller “Harpans kraft’’. Vi høyrer om songaren Geirmund Her- steinssøn. Denne Geirmund har store kunstnarevner - folk má báde le og gráte nár han syng og spelar harpe, heiter det. “Ja det var mest som at høre den ridderen som Geirmund kvad om, som lekte løvet av lin- detræ og hornet av det kvike fe” (Korset: 66). Dei to eksempla viser noko svært karak- teristisk for balladen - den er ein munnleg genre. Situasjonen nár Danske-Sivord syng visa si, er typisk - ei stund med fest, moro og spontanitet. Det skal syngjast og dansast, og det gjeld á fá fram den som kan leie songen og dansen - særleg om han kan nye viser. Sigrid Undset knyter visesongen tett til dansen - Danske-Sivords vise blir i trád med norrøn sprákbruk kalla dans. Ek- semplet frá Korset er meir refererande, men ogsá her blir det formidla ei stemning av fest og glede. Balladeinnslaga i Kristin Lavransdatter er mange - og av forskjel- lige slag. Nedanfor skal vi sjá nærmare pá korleis balladen bidrar til á setje preg pá framstillinga - farge teksten - i dei tre ban- da i Kristin-trilogien. Farging av teksten I og med at balladen er sá mangfaldig som genre nár det gjeld emne og innhald — jf dei forskjellige visegruppene - kan den ogsá fungere uttrykksfullt i mange og ulike samanhengar. Den fortel ikkje bare om erotikk og lengt - men ogsá om kamp og strid, om sut og sorg, om martyrdød og ære - om det meste av det eit menneskeliv in- neheld. Balladen og den tilhøyrande dan- sen og musikken blir plassert i teksten med hjelp av forskjellige teknikkar. Det er sjølvsagt ved direkte sitat balladen er lettast gjenkjenneleg. Vi har alt nemnt
Page 1
Page 2
Page 3
Page 4
Page 5
Page 6
Page 7
Page 8
Page 9
Page 10
Page 11
Page 12
Page 13
Page 14
Page 15
Page 16
Page 17
Page 18
Page 19
Page 20
Page 21
Page 22
Page 23
Page 24
Page 25
Page 26
Page 27
Page 28
Page 29
Page 30
Page 31
Page 32
Page 33
Page 34
Page 35
Page 36
Page 37
Page 38
Page 39
Page 40
Page 41
Page 42
Page 43
Page 44
Page 45
Page 46
Page 47
Page 48
Page 49
Page 50
Page 51
Page 52
Page 53
Page 54
Page 55
Page 56
Page 57
Page 58
Page 59
Page 60
Page 61
Page 62
Page 63
Page 64
Page 65
Page 66
Page 67
Page 68
Page 69
Page 70
Page 71
Page 72
Page 73
Page 74
Page 75
Page 76
Page 77
Page 78
Page 79
Page 80
Page 81
Page 82
Page 83
Page 84
Page 85
Page 86
Page 87
Page 88
Page 89
Page 90
Page 91
Page 92
Page 93
Page 94
Page 95
Page 96
Page 97
Page 98
Page 99
Page 100
Page 101
Page 102
Page 103
Page 104
Page 105
Page 106
Page 107
Page 108
Page 109
Page 110
Page 111
Page 112
Page 113
Page 114
Page 115
Page 116

x

Fróðskaparrit

Direct Links

If you want to link to this newspaper/magazine, please use these links:

Link to this newspaper/magazine: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link to this issue:

Link to this page:

Link to this article:

Please do not link directly to images or PDFs on Timarit.is as such URLs may change without warning. Please use the URLs provided above for linking to the website.