Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 70

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 70
82 BALLADEN HOS SIGRID UNDSET pá ski frá Husaby til Jørundgaard. Broren Gunnulf meiner at han ikkje bør reise aleine, men Erlend svarar med ei omskriv- ing av handlinga i “Olav Liljekrans”. Han ber bare broren láne han eldstálet sitt. Det kan kome vel med om han “skulde bli nødt til at kaste mit eget - over nogen alvekone, hvis hun kræver slik kurteisi av mig som ikke sømmer sig for en gift mand” (Hus- frue: 97). Den same folketrua som dannar grunn- laget for dei naturmytiske balladane, ligg til grunn for den naturmytiske segna som Lavrans ved eit høve fortel Kristin. Segna handlar om “Audhild den fagre av Skjen- ne” - ho blir innkvervd i berget. Folk frak- tar kyrkjeklokka opp til staden og ringjer etter den bergtekne, og den tredje kvelden kjem ho gáande mot dei. Men sá brest reipet, klokkeringinga stoppar - og Aud- hild má tilbake til berget. Mange ár seinare kjem tolv kjemper - sønene til Audhild og bergekongen - og ber om at Audhild som ná er død, má bli gravlagd i kristen jord. Men dette nektar presten. Han fár seinare si straff, for nár han er død, má han gá igjen og angre for di han var sá hard. Men etter Audhild og sønene ligg det igjen ein gull- spore som ætta tar vare pá (ibid.: 286ff.). Segna om Audhild den fagre har mykje til felles med balladar som “Liti Kjersti”, “Margit Hjukse”, “Hakje og bergeman- nen”. Den minner ogsá noko om “Helgeno- tra” - segna som Jørgen Moe bygde 1800- talsballaden sin pá. I romankonteksten fun- gerer segna som noko ein skal ta alvorleg. Nár Lavrans ikkje har fortalt historia til Kristin tidlegare, er det for di han meinte ho kunne fá tyngre tankar av det enn ho hadde ár til á bere, seier han. For báde Lavrans og Kristin má segna dessutan kalle fram min- net om den dramatiske seterturen for mange ár sidan - da Kristin kunne blitt bergteken. Og for Kristin som ná lever langt borte frá foreldre og slekt, má Aud- hilds innkverving i berget verke som ein slags parallell til hennes eige liv - rett nok i langt mørkare tonar. Segnmotivet med dei tolv sønene som møter opp hos presten for á be om at mora skal bli gravlagd i kristen jord, kan sjáast som ein parallell til “Erlends-sønnene som begir seg til prestegárden for á forlange morens ære gjenreist” (Amadou, 1992: 352). Elles vekkjer nok den harde kampto- nen i skildringa av Kristin og Erlends søn- er i like stor grad assosiasjonar i retning kjempevisene, f.eks. “Ivar Elison” - som saman med “systrungane” sine hemner faren. Erlendssønene rir til prestegarden - Ivar og hjelpesmennene hans rir til kyrkja. I begge tekstar er fedrane fráverande - jam- vel om Erlend ikkje er død - og Elis og Kristins reaksjonar framstár som parallelle, jamvel om genre og sprák skil: Á dæ va dá ho Eli fruva dá snudde ho seg mæ grát ho gat inkji sin sonen svara sá bar de henar imot (Blom og Bø, 1981: 240). Om Kristin heiter det at ho “knuget sine hænder, der hun sat. Det var som hun maat- te skrike - i kval og i yderste gru, men ogsaa av en kraft som var sterkere end baade pinsleme og rædselen - som hun hadde skreket, da hun fødte disse mænd. Saar og saar og saar uten tal hadde hun faat i livet, men hun visste nu de var grodd igjen
Page 1
Page 2
Page 3
Page 4
Page 5
Page 6
Page 7
Page 8
Page 9
Page 10
Page 11
Page 12
Page 13
Page 14
Page 15
Page 16
Page 17
Page 18
Page 19
Page 20
Page 21
Page 22
Page 23
Page 24
Page 25
Page 26
Page 27
Page 28
Page 29
Page 30
Page 31
Page 32
Page 33
Page 34
Page 35
Page 36
Page 37
Page 38
Page 39
Page 40
Page 41
Page 42
Page 43
Page 44
Page 45
Page 46
Page 47
Page 48
Page 49
Page 50
Page 51
Page 52
Page 53
Page 54
Page 55
Page 56
Page 57
Page 58
Page 59
Page 60
Page 61
Page 62
Page 63
Page 64
Page 65
Page 66
Page 67
Page 68
Page 69
Page 70
Page 71
Page 72
Page 73
Page 74
Page 75
Page 76
Page 77
Page 78
Page 79
Page 80
Page 81
Page 82
Page 83
Page 84
Page 85
Page 86
Page 87
Page 88
Page 89
Page 90
Page 91
Page 92
Page 93
Page 94
Page 95
Page 96
Page 97
Page 98
Page 99
Page 100
Page 101
Page 102
Page 103
Page 104
Page 105
Page 106
Page 107
Page 108
Page 109
Page 110
Page 111
Page 112
Page 113
Page 114
Page 115
Page 116

x

Fróðskaparrit

Direct Links

If you want to link to this newspaper/magazine, please use these links:

Link to this newspaper/magazine: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link to this issue:

Link to this page:

Link to this article:

Please do not link directly to images or PDFs on Timarit.is as such URLs may change without warning. Please use the URLs provided above for linking to the website.