Fróðskaparrit - 01.01.1994, Síða 70
82
BALLADEN HOS SIGRID UNDSET
pá ski frá Husaby til Jørundgaard. Broren
Gunnulf meiner at han ikkje bør reise
aleine, men Erlend svarar med ei omskriv-
ing av handlinga i “Olav Liljekrans”. Han
ber bare broren láne han eldstálet sitt. Det
kan kome vel med om han “skulde bli nødt
til at kaste mit eget - over nogen alvekone,
hvis hun kræver slik kurteisi av mig som
ikke sømmer sig for en gift mand” (Hus-
frue: 97).
Den same folketrua som dannar grunn-
laget for dei naturmytiske balladane, ligg til
grunn for den naturmytiske segna som
Lavrans ved eit høve fortel Kristin. Segna
handlar om “Audhild den fagre av Skjen-
ne” - ho blir innkvervd i berget. Folk frak-
tar kyrkjeklokka opp til staden og ringjer
etter den bergtekne, og den tredje kvelden
kjem ho gáande mot dei. Men sá brest
reipet, klokkeringinga stoppar - og Aud-
hild má tilbake til berget. Mange ár seinare
kjem tolv kjemper - sønene til Audhild og
bergekongen - og ber om at Audhild som
ná er død, má bli gravlagd i kristen jord.
Men dette nektar presten. Han fár seinare si
straff, for nár han er død, má han gá igjen
og angre for di han var sá hard. Men etter
Audhild og sønene ligg det igjen ein gull-
spore som ætta tar vare pá (ibid.: 286ff.).
Segna om Audhild den fagre har mykje
til felles med balladar som “Liti Kjersti”,
“Margit Hjukse”, “Hakje og bergeman-
nen”. Den minner ogsá noko om “Helgeno-
tra” - segna som Jørgen Moe bygde 1800-
talsballaden sin pá. I romankonteksten fun-
gerer segna som noko ein skal ta alvorleg.
Nár Lavrans ikkje har fortalt historia til
Kristin tidlegare, er det for di han meinte ho
kunne fá tyngre tankar av det enn ho hadde
ár til á bere, seier han. For báde Lavrans og
Kristin má segna dessutan kalle fram min-
net om den dramatiske seterturen for
mange ár sidan - da Kristin kunne blitt
bergteken. Og for Kristin som ná lever
langt borte frá foreldre og slekt, má Aud-
hilds innkverving i berget verke som ein
slags parallell til hennes eige liv - rett nok
i langt mørkare tonar.
Segnmotivet med dei tolv sønene som
møter opp hos presten for á be om at mora
skal bli gravlagd i kristen jord, kan sjáast
som ein parallell til “Erlends-sønnene som
begir seg til prestegárden for á forlange
morens ære gjenreist” (Amadou, 1992:
352). Elles vekkjer nok den harde kampto-
nen i skildringa av Kristin og Erlends søn-
er i like stor grad assosiasjonar i retning
kjempevisene, f.eks. “Ivar Elison” - som
saman med “systrungane” sine hemner
faren. Erlendssønene rir til prestegarden -
Ivar og hjelpesmennene hans rir til kyrkja.
I begge tekstar er fedrane fráverande - jam-
vel om Erlend ikkje er død - og Elis og
Kristins reaksjonar framstár som parallelle,
jamvel om genre og sprák skil:
Á dæ va dá ho Eli fruva
dá snudde ho seg mæ grát
ho gat inkji sin sonen svara
sá bar de henar imot
(Blom og Bø, 1981: 240).
Om Kristin heiter det at ho “knuget sine
hænder, der hun sat. Det var som hun maat-
te skrike - i kval og i yderste gru, men
ogsaa av en kraft som var sterkere end
baade pinsleme og rædselen - som hun
hadde skreket, da hun fødte disse mænd.
Saar og saar og saar uten tal hadde hun faat
i livet, men hun visste nu de var grodd igjen