Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 44

Fróðskaparrit - 01.01.1994, Page 44
56 BALLADANE I NORSK KULTUR ETTER 1840 sten skal presentere seg som litteratur. Denne lina har vore følgt av seinare folk- loristar. Balladen har vore oppfatta som lit- terære tekster og presentert som det. I Knut Liestøl og Moltke Moes Norske folkeviser fra middelalderen (1912), som seinare vart utvida til ei tre bands ‘folkeutgáve’, er det ingen melodiar med. I forordet er verbet ‘syngje’ ikkje brukt i det heile. Derimot er det fleire stader snakk om korleis folke- visene skal lesast. Takka vere Knut Liestøl fekk ogsá balladane sin plass i lesebøkene for folkeskolen. Nordahl Rolfsens lesebok dominerte norsk skole i første halvpart av dette árhundre og her fanst det, i motsetnad til tidlegare lesebøker, nokre balladar utvalt og kommentert av Knut Liestøl. Ogsá her stár dei som tekster utan noko som kan minne oss om at dei har hatt melodi. I dag har balladane forsvunne ut av lesebøkene for folkeskolen saman med mesteparten av den eldre litteraturen, men framleis finst dei i litteraturantologiar for den vidare- gáande skolen. Med visse mellomrom er det lærarar som vender seg til Visearkivet og spør om det gár an á skaffe melodi til Olav og Kari (TSB D 367). Dette er ei av dei mest kjende antologiballadane i Noreg, og den som gár att i dei fleste lesebøker. Men den eine melodien som er dokumen- tert til visa er aldri nemnt i denne saman- hengen. Eg kjenner berre til ei innspeling av denne melodien pá plate, og den plata er tydelegvis heilt ukjent for lesebokredak- tørane. Dette synet pá balladen som lit- terære tekster avspeglar seg og i norske lit- teraturhistorier. Der er dei med og fyller plassen mellom den norrøne (islandske) lit- teraturen og dei tidlegaste diktarane i Noreg. Nokon tilsvarande fast plass har balladane ikkje i oversikter over norsk musikkhistorie. Der vert dei redusert til eit bimoment i avsnittet om folkemusikk, som hovudsakleg dreier seg om instrumental- musikken. Balladen som inspirasjon for kunstnarar Gerhard Munthe var biletkunstnar som i førsten av 1890 ára vart oppteken av norsk koloritt og norsk ornamentikk. Han er den mest typiske representanten for den stil- arten som vert kalla Art nouveau eller ju- gendstil i Noreg. Han let seg inspirere av gammal norsk vevkunst og av drakestilen. Det er ikkje uventa at dei stiliserte ballade- tekstane fascinerte han. Alt frá tidleg i 1890ára lager han illustrasjonar til norske balladar i ein særeigen flatestil, ofte i form av kartongar til biletvev. Sine beste ting in- nan denne genren laga han likevel etter árhundreskiftet. Han gav ut Moltke Moes restitusjon av Draumkvedet i ei illustrert praktutgáve i 1904. Etter Gerhard Munthe har enkelte bilet- kunstnarar latt seg inspirere til á illustrere balladar, men sidan balladane har ein sá- pass liten plass i norsk kultur har det heller ikkje festa seg eit fast sett illustrasjonar til dei pá same máten som til Asbjømsen og Moes folkeeventyr. Norske balladeutgáver har med fá unntak vore utan illustrasjonar. Balladane som viser Balladane helt naturlegvis fram med á leva i tradisjonsmiljøa. Genren var rett nok døyande da samlarane starta i 1840. Men den interessa utanfrá som innsamlinga rep-
Page 1
Page 2
Page 3
Page 4
Page 5
Page 6
Page 7
Page 8
Page 9
Page 10
Page 11
Page 12
Page 13
Page 14
Page 15
Page 16
Page 17
Page 18
Page 19
Page 20
Page 21
Page 22
Page 23
Page 24
Page 25
Page 26
Page 27
Page 28
Page 29
Page 30
Page 31
Page 32
Page 33
Page 34
Page 35
Page 36
Page 37
Page 38
Page 39
Page 40
Page 41
Page 42
Page 43
Page 44
Page 45
Page 46
Page 47
Page 48
Page 49
Page 50
Page 51
Page 52
Page 53
Page 54
Page 55
Page 56
Page 57
Page 58
Page 59
Page 60
Page 61
Page 62
Page 63
Page 64
Page 65
Page 66
Page 67
Page 68
Page 69
Page 70
Page 71
Page 72
Page 73
Page 74
Page 75
Page 76
Page 77
Page 78
Page 79
Page 80
Page 81
Page 82
Page 83
Page 84
Page 85
Page 86
Page 87
Page 88
Page 89
Page 90
Page 91
Page 92
Page 93
Page 94
Page 95
Page 96
Page 97
Page 98
Page 99
Page 100
Page 101
Page 102
Page 103
Page 104
Page 105
Page 106
Page 107
Page 108
Page 109
Page 110
Page 111
Page 112
Page 113
Page 114
Page 115
Page 116

x

Fróðskaparrit

Direct Links

If you want to link to this newspaper/magazine, please use these links:

Link to this newspaper/magazine: Fróðskaparrit
https://timarit.is/publication/15

Link to this issue:

Link to this page:

Link to this article:

Please do not link directly to images or PDFs on Timarit.is as such URLs may change without warning. Please use the URLs provided above for linking to the website.