Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 53
51
vilj a gjera meir med søksmålet, er borte. Dermed trur dei hine hovdingane
at søksmålet er oppgjevi, og går seinare heim dei med17. Men ved dette
vert speltilet rudd for Of. - 2914>30 heim til budar M, K. Det er tydeleg
rekna med at buene låg eit stykke borte frå domstolområdet18. — 2915>30
buSarsundit M, budasundunum K. M-g naturlegare. Of. møter opp på
ein plass der han veit O. lyt koma. Det kan berre vera i det buSarsundit
som fører til inngangen åt O.s bud. Dersom det var tale om fleire buda-
sund, kunne ikkje Of. godt vita kvar han skulle Stella seg. buSarsundit er
så trongt at dei som møtest, lyt leggja merke til kvarandre og tala til
kvarandre utan at andre så lett kan koma til og høyra kva som vert sagt19.
- 29 15,30 gengr maSr etc. M, K. Like sidan Cederschiolds utg. 1874 har
skilnaden mellom gjerdene her vori rekna for eit serleg sterkt prov for at
K-g er rettare og opphavlegare enn M-g. B. M. Olsens vektige motlegg
kom fyrst på prent 1939. Han har peika på ein av hovudgrunnane til å
tru at M-g har det opphavlege, det at vi her har å gjera med ein lekk i ei
viktig utviklingsrekkje20. Grunnen til den sterke trua på at M-g har
innskot her, tykkjest vera at denne skildringa av Of. er så levande, så full
av strålande humor, som slepper seg meir laus enn elles vanleg i i.-s. I
stykket om Of. (s. 133 f) har eg utførleg vist at skildringa av Of. på denne
staden er eit hovudpunkt i den dramatiske og komiske oppbygginga av for-
teljinga og at ho heilt ut samsvarar med det biletet vi får av Of. elles i
soga. At M-g her representerer det opphavlege, er tvillaust. I M-g får vi
ei inngåande skildring av den mannen O. no møter. Vi får fyrst høyra at
han er viS aldr. Det gjev oss straks visse aningar om kven det kan vera.
Så får vi høyra at han er tarveleg kledd21. Dette viser at mannen har
dårleg råd, og aningane våre vert endå sterkare. Men den livlege skildringa
set oss samstundes i ei spaning som aukar etter kvart som detaljane vert
fleire og pussigare. Endeleg kjem den fulle forklåringa: par var kominn
Ofeigr karl, fadir hans. Etter denne ypparleg oppbygde introduksjonen
" Slik stoggar søksmålet til Gunnarr mot Hrutr i Njål. kap. 24.
18 Jfr. Kålund: Isl. beskr. I 116.
18 Om budarsund Kålund: Isl.beskr. I 101.
20 Um islendingasogur s. 252-253.
21 Om kapa og ermakdpa Falk: Kleiderkunde s. 186-188. kapa kunne vera blå,
sjeldnare grå eller svart. Det siste måtte gjera eit trist inntrykk. At kåpa hadde
berre eitt erme, treng ikkje tyda at ho var sundriven. Andre sida kan ha hatt ein
opning i staden for erme (Kleiderk. s. 186). kapa var vanleg utstyrt med ei hette,
kapuhgttr eller kåpuhetta. Dei to orda vert oftare nytta omeinannan (Kleiderk.
s. 95), slik som her i B: -hena 30', -hgtlr 5812, 32-33, 612'.
4*