Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 102
100
hatt fleire grunnar til å beda O. sigla. Det kunne vera til trygd mot
overfall av hovdingane, og det kunne samstundes tena til å skaffa tilfang
til bryllaupet1 *. Vi høyrer etterpå i M-g at O. kjøper malt og korn på
Orknøyane. Gjennom dette rådet tek Of. plass for godt som den kloke og
framsynte rådgjevaren til sonen sin og skipar frå no av alt på beste måte.
Men ved sigleferda får O. samstundes „oppreising“ i sine og våre augo.
Den flotte sjømannsdåden gjer han til helt i soga på nytt. Sigleferda har
såleis ei dobbel oppgåve. Ho tener den psykologiske personskildringa, men
samstundes og den estetiske oppbygginga til soga. I K-g er alt dette meir
uklårt. Utf. av K-g har tykt han måtte motivera sigleferda nærare. Han
let difor O. forklåra kvifor han dreg, at det er for å prøva siglelukka si
og sjå om han kan koma attende til rett tid. På denne måten vert sigle-
ferda noko meir vilkårleg utan den djupe psykologiske og praktiske saman-
hengen med soga elles som ho har i M-g. Men førelaget til utf. av K-g
har truleg hatt eit innhald som svara til M-g her, ein replikk av Of. På
det tyder Of.s svar i K-g, ekki kann — fargæfunni 6921"22, som kan vera
innkomi som eit slags etterpåvøling, for at også Of. skal få eit ord med i
laget liksom i førelaget (og M-t). - a Mel M, hér å Mel K. Etter det
som er opplyst tidlegare, må vi tru at O. låg ferdig til sigling på stutt
varsel i HrutafjprSr. (Jfr. 393-5’19-2°, 399’27 og 4011-12.) På denne
staden i M-g talar Of. som om han ikkje sjølv er på Mel. Samtalen lyt
då helst vera ved skipet. Dette er logisk og naturleg. Men den mest ende-
framme tolkinga av K-g tykkjest vera at O. ventar heime på Mel trass i
siglingsførebuingane. Det måtte ha vori både upraktisk og farleg for O.
om han skulle vera budd på å røma unna sambandsfelagane på stuttaste
varsel. — at sex vikum M, K. Bryllaup vart visstnok oftast haldne om
hausten2. - 695-9> 23-28 ok liggja---firdinum M, på tok-------skipit K.
Tidsrada betre fasthalden i M-g: Fyrst møter dei kjøpmennene. Deretter
ligg dei i ro nokre dagar. I K-g omsnudd. K’s ok biSr-----hat i er lett å
utleia av samanhengen, like eins ok logn---firSinurn. At det var stilt på
fjorden, måtte O. vita alt før han gjekk opp på fjellet. - knarrarins M. At
skipet var ein knorr, veit vi frå kap. 1 (4-13-14,30, 53,20). _ gg9,28 aust-
menn M, kaupmenninir K. At kjøpmennene var austmenn, er ikkje opp-
lyst før. Men ved dette får teksta ein patriotisk tendens, som går att ofte
i den islandske sogelitteraturen. - 6910>29 til Noregs M, yfir hafit K. Det
1 Det siste nemnt alt hjå G. Jonsson i ff. VII s. c.
' Kålund i Aarbøger 1870 s. 307.