Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 157
155
eldste av sambandsfelagane24. Det er grunn til å tru at dette også har
vori meininga til sogemannen, sidan han vert eit slag førar for dei hine,
trass i at Styrm. og h>or. var dei som fyrst reiste saka mot O. Men førar-
skapen hans kan og ha fleire grunnar. Han er tydeleg den rikaste av
sambandsfelagane og mikill hgfdingi, men samstundes den som har lettast
for å øsa seg opp og gjera uoverlagde ting. Dette gjev ei rimeleg forklåring
på at Of. i byrjinga av kap. 10 oppmodar han til å svara for sambands-
felagane. Etterpå ser vi at Herm. er reint utruleg snar til å gå med på
alt det Of. gjer framlegg om, og han er så hissig at han svarar utan å
spørja dei hine til råds og utan å vyrda f>or.s kloke innseiing. Han er ein
av dei mest ihuga i søksmålet, endå han er storrik. Øsing og gjerugskap er
Herm.s to hovudeigenskapar. Øsinga vert vidare illustrert i skjenneriet
med Eg., der han vert den mest rasande av alle, og i kap. 12, der han
dreg av garde for å brenna Eg. inne. Gjerugskapen gjer han sjukleg mis-
tenksam og fylgjer han like i døden. Hans siste ord gjeld den bortløynde
skatten.
EGILL SKtfLASON
Eg. er ein kar av liknande type som dei kjende kjempene f>orkell håkr
og SkarpheSinn, djerv, vyrdlaus og ein stor flåkjeft, stolt, men med dårleg
råd25. Når Eg. er den fyrste som Of. freistar å få til å bryta ut or hovd-
ingsambandet, kan det psykologisk forklårast ut frå karakteren og livs-
kåra hans. Men dessutan lyt vi tenkja oss at Of. på førehand har meint
Eg. ikkje ville bryta ut aleine, men at han sikkert ville ha med seg Gell.,
som Of. for kvar pris laut ha med. Of. måtte vita at Eg. ikkje ville
koma til å velja uvenen sin Herm., som elles ville ha vori den næraste
både etter bustad og ættesamband (jfr. s. 79).
Då Of. fyrst kjem til Eg. på tinget, er Eg. brysk avvisande. Men han
kan ikkje stå seg mot Of.s overteljande ord og skaldskap (slik i M-g).
Ved det kjem ein samtale i gang som Of. får lirka dit han vil. Eg.
reagerer likevel sterkt mot den tanken at han skulle bryta eiden sin. Men
då Of. gjer det klårt at det formelt ikkje treng verta tale om noko
eidbrot, slår Eg. seg til ro. Seinare er han viljug med på spelet og finn
24 ff. VII s. lxxxi; Safn I 491.
2! Av sambandsfelagane er det berre Eg. og Gell. vi høyrer det om at dei hadde
dårleg råd. Dette tener til forklåring og orsaking av at dei er med i sambandet mot
O., men kan ikkje nyttast til vitnemål om at hovdingane reint ålment var utarma
på den tida då soga går føre seg. (Jfr. ff. VII s. lxxxix-xc.)