Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 155
153
VÅLI23
Våli er kjend berre frå B. Om opphavet hans får vi ikkje vita meir
enn at han var frenden til O. Det heiter at han voks opp hjå Of. i lag
med O., og at han var vtenn tnadr ok vinsæll. Då O. dreg heimanfrå,
er han aleine. Men seinare må også Våli ha forlati Of. og slegi seg i lag
med O., for på handelsferdene fylgjer han O. Samanhengen i Vålis lagnad
får vi ikkje greie på. Dette er så perifert at sogemannen utan vidare kan
lata det liggja, endå det i og for seg ikkje er lett å forstå korleis den
truf aste Våli kunne forlata Of. i vanskane hans. Våli har ingen sjølv-
stendige ambisjonar. Han lever einast for å hjelpa dei som står han nær,
og er smålåten for sin eigen del. Når han bed seg unna tilbodet om å
overtaka gardsstyringa, synest det likevel ikkje berre vera av di at han
er smålåten. Rett nok orsakar han seg med at han ikkje er van med slikt
arbeid. Men i samtalen med O. etter at sauene er kvorvne, seier Våli at
mange hadde tykt det var underleg at O. ville overlata eigna si til (5sp.
Her tek han sikkert seg sjølv med. Handlemåten til Våli vert hest skjønleg
om ein tyder det slik at han hadde trudd O. ville overlata gardsstyringa
til far sin, når Våli bad seg unna. Dette får stønad av Osp.s ord då O.
tilbyd han godordsstyringa: er par engi tnadr jaf nvel til fallinn sem
fadir pinn —.
Etter at sauene er kvorvne, viser Våli seg som O.s deltakande og for-
standige ven. Han skjønar godt kva O. er sturen for og kva han tenkjer,
men tek opp samtalen for å kunna hjelpa O. På den måten vonar han å
oppnå to ting, å hindra at fiendskapen mellom Osp. og O. bryt opi ut, og
23 Namnet „Fali" i M-t kan tyda to namn, Fali eller Våli. Det fyrste er visstnok
linn parform til Fair. Det andre, som ein kan slutta seg til både av metriske tilhøve
i strofer og av skriftformer, vart av S. Bugge jamført med det tyske mannsnamnet
Walaho (Studier, Første Række s. 207-208). Jfr. og Noreen: Gram. § 124,2. E.
Sievers stelte opp grunnforma *wanila (Paul og Braune: Beitrage XVIII 582-583),
R. Nordenstreng *<waihalaR (Pipping-festskr. s. 392-394). E. Vågslid tek namnet for
avleiing av <vån- (No. navnebok). - K-t av B har støtt a i stommen i utskrivne form-
er, trass i at gamalt <va der ofte er skrivi vo. Dette kan tyda på at skrivaren har
uttala namnet som Fali. Det same har tydeleg nok Jon Eggertsson gjort. I hans av-
skrift av soga (M-g) i Kungl. bibl. Sthm. Papp. fol. no. 60 finst „Falur" som mis-
skriving for Fali. Forma Fali (e) vart og nytta av H. FriSriksson og A. Heusler i
utgåvene deira av M-t og av G. Indrebø i hans utgåve av K-t. Men F. Jonsson og
G. Jonsson normaliserte til Fdli. I utgåver av andre soger med MoSruvallabok til
hovudgrunnlag, S. Nordal’s Egils s. (ff. II) og E. 61. Sveinssons Kormåks s. (ff.
VIII) finn vi det same. Eg har då og fylgt denne skikken her i boka.