Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 123
121
209-211, 2112, 2030-2123; 2124-20 (s. 41); 2618 (s. 44); 2822-29 (s.
48); 2927~28 (s. 50); 303,21-22; 306-16.25~29; 3111-12’2«-29;
3112-15,29-31. 32i6-i9( 323i_33i5 (s. 57); 3219-20, 3315-18; 3612-
372, 3627-3729; 379-11; 3823-395, 3883_392i (s. 69-70); 436-13, 4234
—4414; 4515-462, 4523-4619; 463.i9; 4622“23 (s. 77); 4729-22 (s. 77_
78); 4831 (s. 79); 4813-14,28 (s. 79); 4333 (s. 79-80); 5123-52i8
(s. 81-82); 5210'12-22-25; 5225-27; 5316-542, 5327~29 (s. 83); 546-19,
5329-5425; 5510,30-31 (s. 86); 567; 588-19-25-26; 5917-19 (s. 92);
6030 (s. 94); 6031 (s. 94).
Den opphavlege plassen til dei føregripne tekstdelane er ofte vidt skild
frå den staden der dei er innkomne i K-t, såleis i døma ved 2618;
303,21-22; 3112-15,29-31; 3612-372,3627-3720; 4515-462, 4523-46i9.
Dette viser at utf. av K-g har lesi store delar av førelagsteksta - ja vel
helst heile soga - før han tok til å skriva. Han har hovuddraga av saman-
hengen etter måten friskt i minnet, men blandar saman detaljar. Tok ein
einast omsyn til dette slaget omflyttingar, kunne ein freistast til å tru at
han beint fram har skrivi opp att heile soga etter minnet. At det likevel
ikkje er slik, men at han og har hatt tilgjenge til førelaget og har nytta
det, i det minste av og til, tykkjest gå klårare fram av den andre om-
flyttingstypen. Det er dei tilfelle der skrivaren fyrst har hoppa over ein
tekstdel, men seinare har freista bøta på skaden, oftare ved at den over-
sprungne tekstdelen vert innmåta i forteljinga ein stad seinare i soga (også
det eit slag etterpåvøling). Slikt kan sjølvsagt av og til skje „utanboks".
Men døma på denne omflyttingstypen er så mange at dei vert lettast å
forklåra om ein reknar med at eit førelag har vori for hånd, og at
skrivaren vert mint om det oversprungne ved å glytta i førelaget. (Dei
mest avgjerande grunnane for å tru at skrivaren har hatt tilgjenge til
førelaget heile tida medan K-g vart utforma, ligg elles i stilen, jfr. nedan-
for s. 236-237.) Døme på oversprang av den her omtala typen er påpeika
ved 1122-23 (s. 30); 1113,27 (s. 30); 1524-25 (s. 34-35); 261°-11-28
(s. 45); 3425-351, 3433-3522. 3925-27 (s. 70); 472-18; 472°-22 (s. 77-
78); 5522 (s. 84); 55*3-14 (s.86).
At utf. av K-g har hatt eit førelag å gå etter, tykkjest serskilt tydeleg
i sume høve der han fyrst lagar om innehaldet i soga, men seinare ved
etterpåvøling fører inn eit tillegg som skal retta oppatt noko av samsvaret
med førelaget. Jfr. til 52“ (s. 26); 663-12,17-24; 6921'22 (s. 100); 701«
—712, 7026-7119 (s. 101-102).
Om ei omlaging er uvilkårleg eller vilja, er sjølvsagt ofte vanskeleg å