Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 204
202
pungen, 3417”18 Of. tørner ut pengane og tel dei (men jfr. K 4718-19),
605 Of. ser seg ikring, 6211 Eg. smiler, 7015 O. fylgjer Eg. på veg; i K:
6127 Of. flytter på hatten. Dei døma som no er nemnde, er dei som sikrast
let seg skilja ut. Som ein ser, er dei noko fleire i M-t enn i K-t.
Forteljingsoppbygginga i B har det med seg at vi får to hovudtypar av
persongrupperingar, p. d. e. s. samspel mellom to personar, p. d. a. s. situa-
sjonar der ein einskild person står andsynes ei heil gruppe. Dette tyder
likevel ikkje at vi i det siste høvet får ein naturleg samtale, der dei nær-
verande personane tek del så å seia på ein gong. Handlinga er mykje meir
skjematisert. Som framhaldi av M. Jeffrey63 og I. Netter64 er det ein ål-
menn regel i i.-s. at samtalar mellom tre personar eller fleire let seg føra
attende på dialogforma, samanstelling av to og to personar om gongen. Vi
ser her korleis „den sceniske totalslova" til folkeleg forteljetradisjon er
nytta i litterær teknikk. I B kjem dette sers tydeleg fram. Det er serleg i
kap. 6 og kap. 10 at fleire personar er framme på speltilet samstundes. Men
hopehavet mellom Of. og domarane i kap. 6 er i røynda ein dialog mellom
Of. og ei gruppe som svarar „med ein munn“ („Chorrede")65. I kap. 10
har vi denne kombinasjonsrekkja: Of. talar til heile tinglyden, og serskilt
til sambandsfelagane; deretter replikkskifte mellom Of. og Herm. og hor.
og Herm.; referat av tingingane mellom Of. og sambandsfelagane som
udifferensiert gruppe; Of. talar til kvar einskild av sambandsfelagane,
med replikkar av Skegg-Broddi og Eg.; dialog mellom Eg. og Gell.;
Herm. talar til sambandsfelagane; Gell. talar til sambandsfelagane; Herm.
repliserer til Gell.; replikkskifte mellom Eg. og Herm., Eg. og Styrm.,
Eg. og Bor., Eg. og horgeirr; Of. kved til tinglyden; Eg. repliserer til
Of.; Gell. talar til Eg. „Totalsregelen" er, som ein ser, gjennomførd også
her. Men samtalane i dei sentrale partia av soga misser til dels karakteren
av ekte dialogar, med di replikkane til eine parten er så lange at dei i
røynda er heile talar. Isolerte replikkar, som korkje står i ein samanheng
av direkte eller indirekte (eventuelt „fortald") tale, har vi derimot rela-
tivt lite av i B, - etter I. Netter’s utrekning 7 % av utsegnene i M-t66.
83 The Discourse s. 12.
64 Die dir. Rede s. 134-139.
65 M. Jeffrey: The Discourse s. 5 f; I.Netter: Die dir. Rede s. 110 f. H. Lie
peikar på at Snorri har frigjort seg frå denne „d u o 1 o g-tvangen“ (Studier i Hkr.s
stil s. 68). Døme på polylog i Hkr. 61. helg. kap. 225.
80 Die dir. Rede s. 103.