Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 188
186
I dei dialogiske responsjonane tener oppattaka ikkje berre til å pryda
replikkane i og for seg. Som påpeika av R. M. Meyer og H. Lie42 er dei
samstundes eit „bindemiddel11 i komposisjonen. Det får vi serskilt
tydeleg illustrert i sume av dei ovanfor nemnde døma frå B, der respon-
sjonane liksom fløkjer replikkrekkjene saman til uløysande einingar. Opp-
attaka er der bindemiddel mellom einskilde setningar eller replikkar. Andre
tider kan dei knyta saman heile periodar eller tekstluter. Velkjent, m. a.
frå eventyra, er det at symmetriske delar av forteljinga er utmerkte ved
responderande setningar. Serleg utrert finn vi dette i ramseeventyra. Det
same kan vi og sjå i andra i.-s., såleis i Borhalls oppattekne spørsmål til
Bjargey i Hav. s. Isf. kap. 8, kvar gong dei skal fara til ein ny bror, eller
SkarpheSins spørsmål i Njål. kap. 119-120, kvar gong Åsgrimr og Njåls-
sønene skal gå til ein ny stad for å beda om hjelp. I desse døma vert fleire
korresponderande tekstluter innleidde med same eller liknande ord. Denne
samanknytande verknaden har og oppattaka i Of.s tale til sambands-
felagane i kap. 10. Anten dei står fremst i tekstdelen eller lengre
ute, tener dei til framhevjing av det same skjemaet. Ein liknande par-
allellisme finst og mellom tekstdelar som det er større fråstand imellom,
slik at han vert eit grunnleggjande prinsipp ikkje berre for stilistisk detalj-
utforming, men for sjølve komposisjonen. I den fremre, „episke11 delen
av soga er døma på dette meir spreidde og sjeldne. Nemnast kan serleg
omtalen av tilhøvet til faren både midt i skildringa av O.s framgang som
sjøfartsmann og etterpå i skildringa av O.s framgang som gardeigar,
41-3,17-18; 62-3,i7-i9_ Her er likevel ikkje ordrett samanfall. Større
formelt samsvar er det derimot mellom to periodar i fråsegnene om korleis
O. overlet gardsstyringa til Osp., og seinare godordet: Oddr leitar eptir,
en Ospakr ferr undan, ok er pd odfusi til M 101'2, Ospakr ferr undan ok
vildi })d feginn M li5-6; Oddr sækir nu eptir, en Ospakr ferr undan
K 1018, Ospakr ferr undan K li21. Som ein ser, er parallelliteten
mest gjennomførd i M-t. Ein parallell som teksta sjølv (i M) gjer oss
merksam på, finst i dei to skildringane av O.s heppe på sjøferder i kap. 1
og kap. 4: verdr honum nu (gott) bædi til fjar ok mannheilla M 411-12,
haf di honum enn ordit gott til fjar ok mannheilla M 14"; verdr gott til
fjar ok sva til mannheilla K 428, hafdi honum vel farizt ok ordit gott til
fjar K 1426-27. Også her er samsvaret størst i M-t. Meir tettståande og
omfatande er likevel døma på formelle oppattak i vidt skiide sogedelar
42
Deutsche Stilistik s. 107; Studier i Hkr.s stil s. 69.