Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 187
185
attaket av nektinga er lekk i ein tilsikta parallellitet. I K-t er derimot dei
andre lekkane i analogien så utviska at oppattaket av nektinga vert ståande
isolert og mykje av kunstverknaden kjem bort. Tydeleg retorisk poengtert
anafora har vi derimot i M 711: ekki ertu mjQk lofaSr af rngnnum, ok
eigi ertu vinsæll. Her er to ord i byrjinga oppattekne. I K-t er figuren
avveikt til parvis ordstilling. Eit døme på anaforisk oppattak som er
sterkast markert i K-t, har vi derimot i 6423~25, jfr. 644. Som anafora kan
ein og tyda oppattaket av f>at mun fara, sem - i M-t 469-10; vidare pu -
pér 293; sva — sva 4411, 451. Verknaden av anafora er „Patos, Emfase,
Holdning,------oftest indhamrende, agitatorisk", seier U. Albeck40. Denne
karakteristikken høver godt på dei tre siste døma. Men same verknaden
kan ein i visse høve få der det er større fråstand mellom oppattaka, slik
som i Of.s tale til sambandsfelagane i kap. 10, som vel må kallast det
retoriske høgdepunktet i soga. Her er dei anaforiske innleiingane sameinte
med eit verknadsfullt oppattak av utgangsorda, eit slag epifora41, slik
at talen vert som ei rad prosastrofer med refreng. Orda par sitr pu er i
seg sjølve fulle av suggererande kraft. Dei peikar på mannen. Dei skaper
voner og spaning, ei spaning som stig høgre for kvar gong orda vert
oppattekne og krinsen av dei som kan verta uttekne, minkar. Men like høgt
som spaninga er driven i veret hjå den tiltala, like flautt feil ho til jorda
ved det lakoniske ok kys ek pik frå. Også her ser vi korleis kunstverknaden
er veikt i K, der rada av anaforiske innleiingsord er broten ved innføring
av varierte ordlag. Eit anna døme på at slik anaforisk innleiing er nytta
til intensivering av suggestionen, har vi i C)f.s ord til Gell. i M-t kap. 9,
til Eg. i K-t kap. 8, der Of. trugar med at O. vil overfalla garden til den
eine etter den andre av sambandsfelagane. Her er det orda ef hann kæmi
som opnar augo for den overhangande faren som trugar kvar einskild av
hovdingane. Nett i den uvissa som desse orda ber med seg, ligg noko av
den suggestive krafta. Gjennom dei stendige oppattaka er det som syns-
krinsen ustanseleg utvidar seg mot ein grenselaus uhygge. Med denne
systematiske innhamringa får Of. faren til meir og meir at vaxa i augu
på den han talar med. - Eit slag epiforisk oppattak er vel og det lausleg
attåtslengde sem van var 6411>12 i Herm.s utskjelling av Eg. Her skal
responsjonen truleg tena til å understreka Herm.s hånlege ironi. (Ein kan
likevel ikkje heilt sjå bort frå mogeleg dobbelskriving gjennom mislesing
i eit førelag på denne staden.)
40 Dansk Stilistik s. 120.
41 Wackernagel: Poet., Rhet. u. Stilist, s. 425-426; Meyer: Deutsche Stilistik s. 103.