Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 250
248
Dei påpeika døma på samsvar mellom Laxd. og B viser elles klårt at
det er større likskap mellom M-t og Laxd. enn mellom K-t og Laxd.,
trass i at også utf. av K-g lyt ha hatt eit visst kjennskap til Laxd. (jfr.
s. 32, 123).
E. 01. Sveinsson har dregi fram ymse tekstpunkt der N j å 1 s s. og B
liknar kvarandre13. Sumt av dette har alt vori påpeika før av K. Lehmann
og A. C. Kersbergen. Her kan fyrst nemnast det at O. i B om våren over-
let godordet sitt til Osp., medan han sjølv fer frå landet. Etter heimkoma
reknar han med å få overtaka godordet att på hausttinget, men kjem dit
for seint og vert narra, slik at fiendskap kjem i stand. Om dette minner
samtalen mellom MgrSr og Hgskuldr i Njål. kap. 109, der MgrSr seier:
„ek kann ok at segja pér, at peir gfunda pik um godordit; tok Skarphedinn
pat upp d pingi, at pu kornt eigi til pings ci fimmtardomsstefnu; ætlar
Skarphedinn ok aldri laust at lata godordit." „Eigi er pat " segir Hgskuldr,
„ek tok vid d leidmdti i haust"lé. E. 01. Sveinsson held fram at likskapen
her gjeld noko sentralt i B, men herre ein detalj i Njål. „Ef ein sagan
hefSi aSra til fyrirmyndar um jietta efni, J)å eru allar likur til, aS Banda-
manna saga sé frumlegri“15. I denne samanhengen lyt ein likevel og taka
omsyn til Borst. s. SiSu-Hallss., som E. 01. Sveinsson rekna for yngre enn
Njål.16, men som J. Johannesson trudde er eldre17. Også i den er overlat-
ing av eit godord, som herre motviljug vert gjevi attende, noko sentralt.
Det er då mogeleg at Njål. har hatt førebiletet sitt der. Vi kan difor ikkje
nytta dette momentet til argument for at Njål. byggjer på B. — Eit drag
som vart påpeika alt av G. Vigfusson18, er likskapen mellom SkarpheSins
utskjelling av ei rad stormenner i Njål. kap. 119-120 og utskjellingane i
B og Qlk. h- Mellom tåtten og Njål. er det serskilde likskapar, ikkje
herre i det at Snorri go8i einast i desse skriftene vert skulda for ikkje å
ha hemnt far sin19, men og ved det at dei utskjelte hovdingane til dels er
dei same (Skapti Boroddsson, Snorri Borgrimsson, GuSmundr Eyjolfs-
son). Den grove tonen i tåtten finn vi tilsvar til i Njål. Skal her i det
heile reknast med noko litterært førebilete for Njål., lyt ein fyrst og
13 Um Njålu s. 141-143.
M If.XII 277.
“ Um Njålu s. 143; jfr. og ff. XII s. Lxx.
16 Um Njålu s. 145-146. Slik og S. Nordal i Nord. kult. VIII :B s. 266.
11 ff. XI s. cviii.
18 Safn I 490.
19 Um Njålu s. 143 med tilvis.