Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 156
154
å hindra at O. gjer noko uklokt. Våli freistar fyrst å bagatellisera saka.
Men då O. nemner det farlege ordet stolit, skjønar Våli at O. tenkjer
på søksmål. Våli ser straks kor farleg det kan verta for O. om han vil
stemna Osp. for stuld utan å ha vitnefest grunnlag for klaga (jfr. s. 40).
Difor overtalar han O. til å gjeva frå seg leiinga i saksførebuinga. Med
handelsferda si kan Våli utretta fleire ting. Han kan sjå over fenaden
til alle dei han vitjar og såleis lokalisera mistanken sikrare, han kan kamu-
flera njosninga på SvplustaSir, og sist, men ikkje minst, han kan få høve
til å prøva å hindra at stulda til <5sp. i det heile kjem opp. På den måten
kan opi fiendskap og søksmål hindrast. - Heile denne fine og velmeinte
planen strandar likevel på Osp.s uforsonlege og ukloke motstand.
Våli er i all si ferd den kroppsleggjorde drengskapr, vensæl og fredsæl,
hjelpsam og sjølvgløymande, trufast og modig. I samtalen med O. etter
sauetapet er han fintkjennande og klok, i samtalen med Osp. taktfull,
verdig og roleg, medan Osp. vert meir og meir oppøst. Den store vensælda
til Våli gjer at jamvel 6sp. har ein viss godhug for han, slik at han ikkje
gjer overfall på Våli straks skuldinga om tjuvnaden vert framboren.
Motviljug lyt Våli bruka det han har fått greie på til å førebu rettssak.
Men han er framleies ikkje i stand til å sleppa tanken på forsoning. Dette
ynsket hans er så sterkt at det til slutt vinn på den vanlege klokskapen
og varsemda hans. Og den stuttenkte O. hindrar han ikkje. Det ser ut
som om Våli trur at Osp. framleies ikkje vil rekna han for ein fiende.
Han går inn på SvplustaSir som til vener utan å vara seg. Men Osp.s
hemnhug og vondskap overgår alt det Våli har vori i stand til å tenkja
seg. Vålis siste gjerning er likevel at han, liksom Ingimundr Porsteinsson
i Vatnsd., bergar livet til dråpsmannen sin. Gjennom denne gjerninga når
han det høgste ein kan finna av etisk idealitet i i.-s.
STYRMIR, J>ORARINN OG HERMUNDR
Styrm. og Por. er eit par som støtt heng saman. Men samstundes står
dei i motsetnad til kvarandre. Por. er i alle situasjonar inn spaki, medan
Styrm. er hissig og feig, rik og grisk. I striden med O. er Styrm. støtt
primus motor, utolmodig og pågåande. Dette får si forklåring ved at
han er den av sambandsfelagane som bur nærast O. og merkar oppgangen
hans sterkast, medan Por. bur noko lengre ifrå og difor ikkje så lett
misser tingmennene sine til O. Herm. er etter andre kjelder å døma den