Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 194
192
(annleis K 2817-18). Eit slags eufemistisk avbøting nyttar Of. då han
skal snakka bort omsynet til „lovens bokstav“: en f>at it fridja, er at felir
eidrinn, må kalla ngkkut sveigt M 343~4. Eufemistisk reduserande er
innhaldet i geldingahvarfit oppatteki i pronominaladjektivet slikt M 197.
Eufemismar av dette slaget er og velkjende frå kvardagsmålet. Dei er
noko som hjelper til å gjera dialogstilen i B så „munnleg“ og levande.
Dei døma på stilsymmetri som er drøfta til dessa, har oftast meir eller
mindre stått i relasjon til innhaldet. Vi skal no sjå på ein del kunst-
middel i stilen til B som prinsipielt herre heng saman med den ytre mål-
bunaden, klang og rytme.
Det vanlegaste og mest synberre av desse er utan tvil allittera-
sjonen45. Denne klangfiguren, som er så velkjend i antikk og mellom-
alderleg poesi og prosa, måtte få ei serskilt sterk stode i norrøn kunst-
prosa, der han og kunne stø seg til uvanleg fast heimleg tradisjon. I
norrøn poesi er allitterasjonen sameint med rytmen etter faste regiar.
Prosaen steller seg friare. Men også der er det ein tilhug til å kombinera
allitterasjonen med serlege rytmiske tilhøve. Tidlegare (s. 165) er nemnt
at allitterasjon sers ofte finst i samband med parvis ordstilling også
andre stader i norrøn litteratur. Ved den vert det symmetriske i kon-
struksjonen sterkt og fyndig framhevja. Allitterasjon i samband med par-
vis ordstilling har båe tekstene på desse stadene (jfr. lista s. 169):
25-6,20-21, 29>24, 310, 26) 3ø5 0g 3Q22-23 (dei to døma på parvis ordst.
ulike; men allitterasj. tyder på at dei har same opphav), 3019’31. Sams
for båe gjerder er og den allittererande formelen sekdir eda sjålfdæmi
378,30-31 0g oftare. M-t har dessutan ei rad andre døme på allitterasjon
ved parvis ordstilling (jfr. s. 169-170): 619-7i, li2, 124, 122, 363, 5017,
529-io, 531, 5418, 58i2; 58i3) 5314, 5914 618-9, 62«, 704. K-t har
derimot herre to døme aleine: hendilangr ok hollr syslu 82i-22, utlaga
ok ån allri bjgrg 3324~25.
I ymse høve kan ein og sjå at antitetiske uttrykk merkjer seg ut ved
allitterasjon mellom sentrale ord, som i M 304-6 er ydr eigi einn hlutr
vel gefin, er svå er allt snarligt ok sngfurligt um ydr, K 3023'24 er f>ér
eigi einn hlutrinn snæriliga gefinn, er svå eru al l ir) M 418-9 ad rir
meir fyrir pvi måli en ek, K 4127~28 ad rir meir fyrir f>vi en e k; M
45 I drøftinga av allitterasjon her ser vi bort frå strofene.