Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 152
150
fortruleg med O. Og han når det han siktar etter. Vi får ein ny hyklar-
scene, og saka er avgjord.
Framferda til Osp. er utiltalande. Men det er enno ingen ting som
syner at han har tenkt å vera utru mot O. Den oppgåva som O. har
overlati han, greier han godt, også godordsstyringa, som han til og med
viser seg meir dugande til enn O. sjølv. Etter at Osp. er komen til O.,
er det j amvel som om han ei tid står seg betre med alle enn før. Det vert
fortalt at han no var vensæl, og medan O. er bortreist, er han i byrjinga
både god og grei mot grannane. Men trass alt lurer ein mistanke hjå
bygdefolket, som tykkjer O. har vori sers djerv då han let denne karen
få slik makt.
Den tragiske utviklinga hjå Osp. ville ein forfattar i nyare tid kan
henda ha forklåra som ei fylgje av opinionstrykket. Mistanken og kulden
som møter han alle stader, gjer han beisk og trassig, slik at han får hug
til å hemna seg jamvel på dei som herre har gjort han godt. Men ei slik
karakteromskaping og individuell reaksjon av dette slaget på kollektiv og
upersonleg mistru og baktaling (noko som er så velkjent i moderne
litteratur) er ukjend i sogelitteraturen. Der piar alle verksame på-
verknader ha eit tydeleg lokalisert opphav. Slik tykkjest det og vera her
i soga vår. O.s overdrivne godhug og tiltru vekkjer lysta til meir makt i
sinnet hjå Osp. Men det avgjerande omslaget, då tanken på å svika O.
kjem opp, tykkjest ha samanheng med ein ny faktor som grip inn i spelet.
Som så ofte i norrøn litteratur kjem denne lagnadstunge innverknaden
frå ei kvinne.
„Folks meining" i sogene er gjerne det same som sogemannens. Det
ser vi og oftare i B, ikkje minst når det gjeld Osp. Han er stendig fylgd
med ein viss vaktsam kynisme, som registrerer det prisverdige og det halvt
fråstøytande med same kaldhuga ro. Det er ingen sympati over skildringa
av den framveksande elskhugen mellom Svala og Osp. Heller møter vi
bygdefliren, som tek på kjenslene deira med grove hender. Openberr føre-
handsinteresse mellom to som skal gifta seg, er i sogene jamt rekna for
uhøveleg. Det gjer ikkje saka betre at initiativet i dette tilfellet tykkjest
gå ut frå den kvinnelege parten. — Då Osp. så kjem til f>or. for å beda
om Svala, slår kaldgufsen av folkesnakket imot han like sterkt som noko-
sinne. Osp. og Svala sameiner seg no mot viljen til frendane hennar og i
strid med vanleg skikk og god tone. Deretter flytter dei båe til Meir
utan at O. har vori spurd. Dei har to gardar, men gjer seg breiast der
dei har minst rett til det, og slår stort på for andres rekning. Osp., som