Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 128
126
Endå viktigare enn tida er likevel tendensen i soga. Det hovding- og
heltestandet som elles piar vera dei agelege aktørane i storfelte drama,
vert her gjort til lått og uthædd på det mest vyrdlause. Andre islandske
sogemenner, såleis t. d. aristokraten Snorri Sturluson, kunne godt tillata
seg å ha moro med storfolk i andre land, til og med kongar, på vegner av
det frie bondestandet eller islendingane. Men at spotten vender seg så
sterkt mot det heimlege, at ikkje herre einskilde islandske storhovdingar,
men den islandske hovdingklassa meir ålment, Snorri Sturlusons eige
stand, vert utsett for slik flengjande hån, det saknar vi elles sidestykke til
i i.-s. - Denne spotten råkar likevel ikkje herre det islandske hovding-
standet, men like mykje islandsk rettspraksis. Også i andre i.-s. kan vi
finna døme på at folk som misbrukar makta si i rettens namn, einskildvis
vert utsette for giftig hån, slik som GuSmundr inn riki i Ljosv. Men
ingen annan stad enn i B vert det vyrdlause misbruket av rettsapparatet
til maktpolitiske føremål, den trongsynte juridiske hårkløyvinga og mot-
setnaden mellom formal jus og røynleg rettferd framstelt så ålgildt og så
bitande sarkastisk. I B er denne tendensen så klår at ein vanskeleg kan
fri seg frå trua på at det ligg ein sosial reaksjon bak1.
I alle høve har vi her å gjera med ein medviten litterær tendens, som
vender brodden mot noko velkjent og tradisjonelt dominerande og god-
teki. B lyt langt på veg oppfatast som ein litterær travesti. Den littera-
turhistoriske føresetnaden for eit slikt verk lyt vera at den høglagd-
alvorlege heltesoga har dominert det litterære livet i samtida2. Vi torer
difor tru at B er framsprungen av eit rikt litterært miljø. Det vil og få
stadfesting av det vi seinare skal få sjå under studiet av personskildring og
stilbunad og i ettervisinga av tilfang som sogemannen har gjort seg
nytte av.
Ein tredje ting som set denne soga i ei serstode, er vekthøvet mellom
komposisjonselementa. Den litterære genren „islendingesoger11 er korkje
reindyrka epikk eller reindyrka dramatikk, korkje rein tragedie eller rein
komedie. Det sermerkte for genren er nett blandinga av episke og
dramatiske, tragiske og komiske element. Normalt ruver det episke og
1 Slik B. M. 6lsen: Dm islendingasogur s. 107; W. P. Ker: Epic and Romance
s. 229-230, 232 (Ker gjev i det heile ein uvanleg god karakteristikk av soga) ;
E. 61. Sveinsson i APhSc XII 85-86, ff. XII s. lxx. A. Heusler, som og poengterer
den litterære serstoda (utg. 1897 s. xlv, utg. 1913 s. xlvi-xlvii), avviser derimot
det synet at her er tale om satire (utg. 1913 s. lvi).
2 Comedy is later — than Tragedy" (Ker på nemnde stad).