Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 88
86
viktig for sjølve handlingssystemet, er bortfallen i K-g. Jfr. elles til
4811,30, _ 5530 frat
er mikit K. Kan vera forma etter det tilsvarande i
4812, samstundes som det og kan ha tilknyting til mikit fyrir i M-g
5510-tl. _ 5510,30-31 sem verstr--------lidi M, er verstr — - vinnr K.
Tillegget ok eigi-----vinnr i K-g finst i båe gjerder i 622-3’21~22. På
staden vår her høver det ikkje så godt, då den omtala griskleiken til Eg.
nett burde gjera det lettare å få han med på å bryta med dei hine sam-
bandsfelagane og sikra seg vinning sjølv i lag med Gell. Men dette tilleg-
get måtte falla lett i pennen for ein som hadde lesi det tilsvarande i kap.
10 (føregriping). sem verstr er af ydru lidi liknar i meininga mykje på
meiri er ojafnadarmadr en hverr annarra 621"2, som dreg det tilsvarande
tillegget etter seg i M 622. Kan henda har og slurvut ettersyn i førelaget
verka inn. Like nedanfor i M-g (5512) har vi verbet vinna, som minner
om vinnr. - Dette tillegget i K-g tyder på at utf. av K-g ikkje har oppfata
kjernen i Of.s list. Of. læst stendig vera ovanpå. I M-g er det „mot-
hugen“ hans mot Eg. som han framsteller som den store hindringa for å
gå med på ynsket til Gell. Men utf. av K-g let det sjå ut som om hækna
til Eg. er ei hindring, at vansken altså ikkje ligg i Of.s eige sinn, men i
ytre omstende. Er orda slik meinte, vert Of.s stilling i denne situasjonen
ikkje så sterk og trygg. Det er likevel mogeleg å tolka K-g slik at Of. har
mothug mot Eg. nett av di han er så grisk. Med den oppfatninga vert det
betre samsvar mellom gjerdene. - 5513-14 villtu på----------med pér M.
Of.s avgjerande formulering av avtalevilkåret er bortkomen i K-g (jfr.
til 4816-18 s. 79). På denne staden kjem formuleringa att i svaret til
Gell. i K-g 5533-5622 (etterpåvøling?). - 5532 vitr, jfr. til 4814'16. - I
det fylgjande ein meir inngripande skilnad på dei to gjerdene. Medan
den endelege stadfestinga av det nye sambandet skjer her, så å seia for
open scene, i M-g, er i K-g avgjerda utskoten til Of. atter har fått tala
med Eg. Ved skipnaden i K-g slepp Of. å openberra det straks for Gell.
at han har haldi avtalen med Eg. løynd. Men denne utsetjinga er heilt
gagnlaus, all den stund Gell. lyt få vita alt så snart som han råkar Eg. Og
no, når Eg. er utpeika av Gell., skulle det vera liten grunn for Of. til å
halda avtalen med Eg. løynd lenger. Skipnaden i K-g er kunstig på andre
rnåtar med. Det måtte vera vanskelegare for hovdingane å innleia intim
samtale med kvarandre når herre eine parten var trygg på at den andre
hadde broti med sambandsfelagane. Unaturleg er det vidare at Of. i K-g
gjev Gell. så detaljerte føresegner om kva han og Eg. skal taka seg til,
når han framleies held det løynt at Eg. verkeleg er medkomen. - I M-g