Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 217
215
ÅLMENNE SERDRAG VED INNHALDET TIL DIALOGANE
Den ålmenne strukturen til dialogane
H. Lie har haldi fram som noko karakteristisk for framstellinga hjå
Snorri at han knyter saman hendingane ved „den dialektisk opbygde
dialog, hvor det ene ordet tar det andre så å si med sproglig-psykologisk
nødvendighet"83. Denne karakteristikken kan utan reservasjonar overførast
på B. Ein hovudeigenskap ved denne dialogteknikken er det planfaste, det
at sogemannen med usynleg, men sikker hånd styrer replikkskiftet fram
mot eit på førehand fastlagt mål. Den store kunsten i dette ligg i at alt
likevel ser ut som om det feli av seg sjølv, er „naturleg“, slik at ein lett
vil seia det kunne vera sant. Ved nærare ettersyn kan ein likevel finna
visse drag som openberrar det konstruerte i desse dialogane.
Nedanfor har eg vist døme på korleis sogemannen ålment „hjelper til“
med tilfellelege omstende der årsakslekkja elles trugar med å slitna (s. 230
-231). Det konstruerte kjem vidare fram i det at dialogane gong etter
gong er forma etter eit noko nær tilsvarande skjema. Alt Heusler har
peika på dette når det gjeld dei to store samtalane som Of. har med Eg.
og Gell.84 Men skjemaet er endå meir detaljert enn Heusler viser: Of.
let som han kjem heilt tilfelleleg, vert møtt med gissing om at han vil
tala saka til sonen sin, nektar med sterke ord at han vil det, eller at han
i det heile vil ha noko med den saka å gjera, men seier at han herre ynskjer
å tala med hin for sin eigen hugnads skuld. Dette gjev Of. høve til å seia
rosande ord om den han talar med, og ved hjelp av denne siøge inn-
smeikinga får han samtalen i gang. Neste steget er eit serleg lurt psyk-
ologisk kunstgrep: Of. fører talen inn på eit sårt punkt hjå motparten,
eit punkt der han ikkje heilt er i stand til å hevda seg, og noko som gjer
han serskilt tilgjengeleg for Of.s medkjennande interesse. No er mot-
parten sjeleleg „oppmykt". Då set Of. i gang eit sjokkåtak. Han viser kor
lita vinning motparten vil få av førehavet sitt, og trugar med skræmelege
hemnaksjonar frå O.s side. Motparten vert forstøkt og legg skulda for
planane mot O. på andre av sambandsfelagane. Of. gjer seg då serskilt
innsmeikjande, framhevjar den store godhugen sin for den han talar med
og openberrar omsider trumfen, pengane. (Noko annleis i samtalen med
Gell. i K-g.) Motparten vert vunnen, men tek samstundes til å ottast at
83 Norvegica s. 53.
84 Utg. 1913 S.LVII.