Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 191
189
serleg skal kasta ein skugge av stigande uvisse og mystikk over Osp. Alt
den morgonen føre tinget då O. vaknar og ser at folket er fari frå han,
heiter det at honum potti petta undarligt M 159, Oddi potti pat kynligt
K 1616, og like etter i M potti petta undarligt 1511 (men her vel mis-
skriving). Etter omtalen av slutten på tinget heiter det atter: pykkir und-
arlig pessi tiltekja M 163, pykkir verr pessi tiltekja K 1620 (med brot
på konsekvensen i oppattaket). Fyrste reaksjonen på det som hender, både
hjå den godgjerande og godtrune O. og hjå andre (jfr. upersonleg kon-
struksjon i siste dømet), er ei stor undring. M-t seier ingen ting om dei
refleksjonane hjå O. som endeleg får samanhengen til å gå opp for han.
Men det som M-t „weise verschweigt", vert i K-t utropa gjennom naiv
utlegging om sjølvsagde ting, slik at den dramatiske spaninga vert redusert.
For denne undringa stoggar ikkje ved Osp.s åtferd på tinget. Ho tek seg
tvert imot opp att med fornya kraft, då O. brått misser så mange sauer:
undarligt potti petta vera M 1810-11, kynligt potti mgnnum petta K 1832.
Det langdregne, mystiske ordet undarligt dukkar fram på nytt i M, men
er også her i K utbytt med det meir kvardagsnøkterne kynligt. Denne
utbytinga veikjer ikkje herre stemningsverdien i framstellinga, men og
den djupare forståinga av innhaldet. Det gong etter gong oppattekne
undarligt tener alle stader til å visa korleis O. går og grundar på saman-
hengen i dei mystiske hendingane, og fører naturleg mistanken hjå lesaren
i same lei dei andre gongene som den fyrste.
Endå ein gong kjem same orda att, i samtalen mellom Våli og O.
206>24. Denne gongen tykkjest ordet likevel ikkje vera lekk i same opp-
attaksrada, men høver heller inn i ei tredje parallell rad av oppattak som
hjelper til med å førebu oss på katastrofen. Det er dei mange omnemn-
ingane av kor annsamt folk hadde det med å prata om tilhøvet mellom O.
og Osp. Slik omtale av folkesnakket, som er eit så velkjent kunstmiddel
i sogene, finst og andre stader i B enn nett i denne delen, men har eit
serskilt ærend her. Osp. er like frå byrjinga liksom forfylgd av folke-
snakket. Alt fyrste gongen Osp. og O. møtest, minner O. han om at dei
har dårleg ord på seg både han og ætta hans: ekki ertu mjgk lofadr -
711-27. Då Osp. likevel får plass hjå O., har folk det straks travelt med
han. I byrjinga møter vi ei kaldvoren, halvt ironisk vedkjenning av dug-
leiken hans: pykkir mqnnum mikils utn vert, hversu pessi tnadr gefsk
810-n (vantar i K). Men då O. har gjevi Osp. gardsstyringa, kjem det
ny fart i folkesnakket: petta fréttisk ok var margtalat um M 109"10,
petta fréttisk bratt ok var ttdrætt um K 1025"26. Og dette held fram med