Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 210
208
Av adverbiale tillegg i føresett t.utm. skal her serskilt peikast på på,
som finst tilsvarande i båe tekstene på desse stadene: 1014'30, 259>25,
268,2s( 2712’26, 5619-32, 638>24, 6317 og 6419, GS11-2^ 6613-23,
674>25. Hit kan ein truleg og rekna 6714 på mælti Ofeigr, som svarar til
K 6730 på mælti Skegg-Broddi, og 7010 på mælti Gellir, som svarar til
K 7026 på mælti åfeigr. I M-t har vi dessutan desse døma: 303, 3115,
3313, 4214, 462, 502, 5418, 561, 582, 6011, 6216, 637, 6311; i K-t:
5829, 6628, 6726. Døma 1014»3°, 5619'32 står for seg, med di på her
innleier ettersetning, som i norrønt mål vanleg vert tilknytt føresetninga
med dette ordet78. I dei andre døma er på derimot ikkje naudsynleg for
skuld syntaksen. Men ein legg merke til at på serleg ofte vert nytta fyrste
gongen ein person tek ordet i ei samtalegruppe til å framhevja tidspunktet
då han grip inn. Dette gjeld alle dei døma som er opprekna ovanfor, bort-
sett frå desse stadene: Av døme sams for båe tekstene 6317 og 6419,
6613>26; i M-t dessutan 3115, 3313, 462, 5418, 561, 6011, 6311; i K-t
6628, 6726. For desse seinare døma er det vanskeleg å sjå nokon serleg
grunn til at på er innsett. I sume høve tykkjest det likevel vera framføre
ein ekstra saftig eller sermerkt replikk, såleis i båe tekstene 6317 og 6419,
6613>26; i M-t 462, 5418, 6011, 6311; i K-t 6628, 6726; i andre høve
framføre ein replikk som fører eit nytt moment inn i tankegangen: M
3115, 561. Men det er truleg at også andre faktorar har spela inn. I M
er døma relativt jamt spreidde utover teksta. Det kan vel vera at om-
synet til variasjon i t.utm. har hatt noko å seia. I K-t er derimot sprei-
inga meir ujamn og ein medviten stilistisk plan endå vanskelegare å få
auga på.
I innskoten og ettersett t.utm. er i i.-s. vanleg nytta verbet seg ja,
til dels kvad. Dette gjeld og B. kvad finst i M-t i innskoten t.utm. 4
gonger (4314, 506'11, 556), i ettersett t.utm. 2 gonger (438, 5512); i
K-t innskoti 5 gonger (4923, 5029~30, 5117, 6321, 6420), ettersett 3
3” og 32™. - Verbet tala er serskilt drøfta av I. Netter, som peikar på at dette
verbet oftast er nytta saman med opplysning om at det vart tala med nokon (Die
dir. Rede s. 39-40). Ho set dette i samband med ei serleg tolking av ordet:
Det „driickt die konkrete Handlung des Sprechens deutlich aus“. Denne tolkinga
høver og utan tvil godt på den staden i B som ho går ut frå (5814), like eins på
dømet i 35”. Men når tala vert nytta trykktungt og absolutt, slik som i desse to
døma, har det ei meir pregnant tyding enn i samband med preposisjonar (tala til,
tala um, tala vid), der trykket for ein del er flytta over på komplementet.
TS Nygaard: Norrøn Syntax § 270, Anm.