Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 137
135
sjøen og i handel, så er ikkje det det same som at han duger i rettsstell.
Of. kan ikkje dy seg for å erta litt. O. merkar ironien og vert sint. Men
Of. fangar han straks inn att med den avgjerande trumfen: fegar vissa
ek, er fu fort heiman or her ad i, at rangt var til buit målit. Of. har defini-
tivt fått overtaket. O. lyt motviljug sjå at det hadde lønt seg betre å
søkja råd hjå andre. Men kvifor nett hjå faren? Det er hårdt å måtta
gå i seg sjølv og gjeva så mykje etter. O. grip til den siste motsegna han
kan koma på: fat er fo synna, at ekki verdi at fer gagn. Kva skulle denne
ynkelege gamle kallen kunna utretta, når saka alt var avgjord? Det er som
O. samlar all den beiskleiken og det trasset han har kjent mot far sin, og
heile vonbrotet over nederlaget, i desse sårande orda. Men Of. er like
roleg. No er det ikkje lenger den rike hovdingen og den fattige kallen som
står andsynes kvarandre, men son og far som i gamle dagar. Of. har heilt
slept den krypande tonen som han nytta i byrjinga. Han sluttar og med
å ironisera. O. er omsider mogen til å høyra eit alvorsord, og det feli
med faderleg mynde og fynd: su ein er nu hjålpin i finu måli, ef fu nytr
min vid -. Og no grip Of. resolutt leiinga av saka, og O. gjev seg utan å
mukka. Det skiftet i sinnsstemning hjå båe som lyt vera ei fylgje av dette,
er ikkje beinveges omtala. Men gieda til Of. viser seg i det at han atter
tek til å spøkja ironisk og sjølvironisk: få låttu koma i hendr karli fessum
sjåd ngkkurn digran, fvi at margra manna augu verda féskjålg. Of. sikrar
seg no straks det som skal til for å kunna gripa inn i saka, pengar og
nøyen kunnskap om det formelle sakstilstandet. Dermed får han avdekt
endå eit hol i rettskunnskapen til sonen. O. har ikkje visst at vgrnin var
ugild så lenge ho ikkje var framførd i rettslege former medan han høyrde
på, og at saka såleis ikkje er stogga. Of. kan ikkje lata vera å nyta endå
ein halvt skjemtande triumf over O.: fat eina heldr fram, er fu gerdir
ovitandi.
Gjennomgåinga her ovanfor skulle gjera det klårt at denne samtalen
mellom Of. og O. i M-t er ein velbygd heilskap, planfast gjennomførd og
med sans for fine skif tingar i kjenslelivet til dei deltakande personane.
Hjå O. lyt omslaget i kjensler og tankar verta sterkast. Han reagerer
intenst og naivt. Of. er meir samansett. Det er han som vil noko med
samtalen; og han let ingen ting skipla seg i arbeidet for å nå målet. Men
samstundes som dette utreknande dominerer, ser vi og hjå han meir ufri-
viljuge kjensleovringar, som gjev samtalen liv og farge. Vi har her det
same samspelet mellom medviti og umedviti som er omtala ovanfor som
eit ålment sermerke ved Of.-figuren.- Dei fine utviklingstrådane i sam-