Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 63
61
representant for kvar part, skulle reifa målit13. — 3423-351, 3433-3522 ok
haf i — mest vid M, fyrir pvt-----pjofskap K. I denne opprekninga i M-g
rekapitulerer Of. heile argumentasjonen sin i omsnudd rekkjefylgje. Den
listige framgangsmåten at Of. framsteller seg som den nådige bergings-
mannen til dei han vil vinna, har vi alt møtt i samtalen med O. (318'9)
og vil vi seinare finna att i samtalane med Eg. og Gell. Det er altså eit
knep som er oppfunni av sjølve sogemannen. Det er difor truleg noko
opphavleg også her. Men i K-g er dette bortkomi, og dermed det meste
av den kunst og komikk som ligg i dette draget. I K-g er det heller ikkje
snakk om at dei pengane Of. byd, er ei venegåve. I M-g er pengemutinga
psykologisk fylgjerett sameint med ein appell til eigeninteressa til dom-
arane. I K-g vert ho derimot fylgd av ein appell til sansen deira for
rett og orden! Orda fyrir pvi-----pjofskap er elles tydeleg forma etter
mønster av orda en hvat-------Våla, som står ovanfor i M-g 3313-342
(etterpåvøling). Her er avskrifta til og med så mekanisk at eintalsforma
sannreyndr er har fylgt med over til den nye staden i K-g, der ho bryt
kongruensen med subjektet. - 3523"24 en pott------sitja K. I K-g peikar
Of. opi og udiplomatisk på kva risiko det fylgjer med denne pengegåva,
noko han berre har snerta fint og lett i M-g i orda hverr gæti sjålfs sins.
351-4 peir hugsa----baud peim M. Også her er Of. i M-g den overlegne,
den som tilbyd domarane å velja, medan han i K-g er supplikanten, som
gjennom overteljing oppnår ein lovnad. Den milde ironien i ordlegginga
i M-g er borte i K-g. eidabrigdin i M-g går attende på Of.s påvising av at
domarane i alle høve lyt bryta eiden sin, anten dei dømer rétt ok satt eller
at Iggum (jfr. til 346-11). — 354~6>25-27 er på---gengnir til buda M,
nu er----heim til buda K. M’s hgfdingjarnir er vel fyrst og fremst mot-
mennene til O., Styrm. og Por., men kan og vera andre hovdingar. K’s
flok kar må derimot også omfata fylgja til hovdingane, d. v. s. den delen
av tingalmugen som vel serleg brukte fylgja med i det som gjekk føre
seg ved domstolane. Det er mogeleg vi her har eit brigde i K-g som er
gjort til å fjerna alle vitne, noko som skulle tena til å forklåra at ting-
ingane mellom Of. og domarane vert verande løynde; jfr. det fylgjande
grunadi engan mann um petta. Men på denne måten kjem K-t i strid
med det som vert opplyst i K-g 3621-2 2, der f>or. har god greie på alt i
hop. — Då både M og K melder om at det vart gått heim, må noko slikt
ha stått her frå opphavet. Men ved dette kjem rekkjefylgja av hendingar
13 Gråg. Ia 71; jfr. Maurer: Vorlesungen V 449-451.