Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 209
207
Bruket av verba dicendi er i i.-s. sers avgrensa og regelbundi.
Størst og friast er utvalet når verbet er f ørese tt. Når ein ser bort frå
overgang ved ind. tale, er dei vanlege verba her mæla, segja, svara, og
sjeldnare spyrja. mæla vert som oftast nytta i fortid: mad ti, svara kan til
vanleg ikkje stå ved fyrste replikken i talegruppa. Her får vi difor oftast
mælti eller notid eller fortid av segja. I. Netter har i ein tabeli illustrert
tilhøva i ei rad med soger når det gjeld dei mest brukte verba76. Etter
den tabellen skil B seg ikkje ut frå det vanlege. For B (M-t) fører ho
opp former av mæla 41 %, segja 9 %, svara 43 %, spyrja 1 %, overgang
ved ind. tale 6 %. Då Netter byggjer statistikken på Heuslers utgåve
(som atter stort sett fylgjer H. FriSrikssons), er tala for segja og svara
ubrukande kvart for seg. Ein .s. i membranane kan ofte tyda både det
eine og det andre av desse verba. I utg. av 1956 er det på slike stader
støtt utfylt med segir (etter skikken til F. Jonsson). I utg. 1956 har M-t
ingen stad svarar (-adi). Tala vert difor segja 52 % og svara 0 %. I utg.
1956 er .s. attgjevi segir også i K-t, med eitt unnatak (3230). Tala vert
då der mæla 16,4 %, segja 76 %, svara 2,9 %, spyrja 1,4 %, ind. tale
3,3 %. For å koma unna vansken med å setja opp serskilde tal for segja
og svara, kan ein slå saman tala for desse verba ved jamføringa med dei
hine i Netter’s tabeil. Ein vil då sjå at M-t ikkje skil seg ut frå det van-
lege i i.-s. i mengda av føresett mæla, medan summen av føresett segja -
svara er større enn i nokor av dei medtekne i.-s. Talet for overgang ved
ind. tale er relativt lite, mindre berre i den seinare delen av Ljosv.
(,,Eyjolfs-soga“), som Netter har sett opp for seg. Dette høver med at
ind. tale i det heile er lite nytta i B. Når det gjeld K-t, er tala for segja-
svara serskilt store, for mælir og overgang ved ind. tale tilsvarande mindre.
Dette er eit døme på at stilen er styrdare og meir variasjonslaus i K-t
enn i M-t. Verbet mæla har etter måten streng tradisjonell avgrensing
når det gjeld plaseringa, og dette er sikkert delvis forklåringa på at dette
verbet så ofte vert nytta på tilsvarande stad i båe tekstene, i alt 19 gonger.
Former av verbet spyrja finst ingen gong på tilsvarande stad77.
78 Die dir. Rede s. 39.
77 Føresett har vi og sume sjeldnare og meir tilfellelege utmerkingsmåtar som
ikkje er medtekne i statistikken. - kvefia er nytta på tradisjonell vis ved innføring
av str. 2, 5, 6. Det er tydeleg at ordet her har fått spesialtydinga „deklamera",
motsett tydinga i prosa i innskoten eller ettersett t.utm. Om strofeinnføringa ved
str. 1, 3, 4 jfr. s. 114-115.
K-t har to stader dobbelt føresett verbum dicendi ved indirekte tale, sjå