Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 158
156
seg i Of.s grove æreskjelling, då han veit at ho meir eller mindre er kamu-
flasje. Eg.s ord etter at han er vald, nu mun enn sem optar, at eigi mun
virding fyrir pvi hér nuir koma at ad rir vildi fat 6211-13, kan tolkast
slik at han no kjenner seg ovunda av dei hine hovdingane, som ikkje vart
valde. Men det kan dessutan tyda at Eg. fylgjer Of.s føredøme (kamu-
flasjen) og let det sjå ut som det er mot Of.s vilje at valet har falli
på han.
Djervleiken til Eg. kjem fram i det at han er vil j ug til å sit ja fyrir
svgrum. Og i det etterfylgjande skjenneriet får flåkjeften hans høve til
å visa seg i all sin glans. Han er på ein gong vittig og grov. Om alle som
tek til ords mot han, kan han seia noko komisk, som gjer dei til lått. Fyrst
gjeld det Herm. Straks han har protestert mot skilsdomen, har Eg. eit
ordspel ferdig: eigi var \>at, Hermundr, er f>u sætir nu å hlustinni, er f>ii
stott upp (M-g; K-g liknande). No vert Herm. for alvor sint og gjev
seg til å fortelja kor fattig og sladrevoren Eg. er. Men Eg. vert ikkje
svar skuldig. Det endar med at Herm. trugar Eg. på livet, og Eg. kvitterer
med det fæle ynsket om at troil skal taka Herm. Endå verre æreskjelt
vert Styrm., då han legg seg frami. Han vert ikkje herre skulda for å
vera endå meir pinut enn Herm., men til og med for stor klæki. Det må
visst her tyda at han er ragr, umannsleg og seksuelt pervers. Skuldinga
er likevel framsett i så romslege vendingar, at det vert høve til fleire slags
tolking (og det har sikkert vori meininga). Ei skulding av liknande slag
råkar f>or., men også her framsett på ein indirekte og pikant måte (jfr.
s. 98). Mest vittig er Eg. kan henda mot Porgeirr, som vert mint om
den komisk vesle bota han ein gong nøgde seg med for ei grov ærekrenking.
Mellom Eg.s utskjelling av dei hine hovdingane og Df.s framanfor er
der ein karakteristisk skilnad: Of. er vittig og skarp, men all tid sober. Han
snerter aldri pudenda. Den meir simple og grovkorna utskjellinga er
overlaten til Eg. Ved dette har sogemannen sikkert meint å få fram ikkje
herre ein motsetnad mellom karakteren til dei to mennene, men og ei
stiging i den komiske effekten.
GELLIR PORKELSSON
Det fyrste vi høyrer om lyndet til Gell., er at han er litillåtr. Men
ættebyrgskap og hovdingbyrgskap har han. Han vil ikkje gifta bort dotter
si anna til ein serskilt rik og høgætta friar, endå han sjølv ikkje er rik.
Gell. er den mest heiderlege av sambandsfelagane, men ikkje nokon sterk