Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 244
242
innskot i hi, lyt momentet i siste høvet vera lånt2. Denne regelen lyt likevel
nyttast med den aller største varsemd. Der vi vantar ytre haldepunkt, kan
spørsmålet om kva lei påverknaden har gått, knapt løysast ved hjelp av
einfelte handverksvorne formlar. Viktigaste middelet lyt vera ein inn-
gåande analyse av heile dei tekstene det gjeld. Gjennom den kan ein
stundom t. d. finna fram til punkt i den eine teksta som vert uforklårlege
utan at ein tek den andre teksta til hjelp. Dette skulle då vera ein peike-
pinne om kva veg påverknaden har gått. Men j amvel i slike høve kan
resultatet vera usikkert om minst ei av tekstene herre eksisterer i avskrift
(og søgetekster er alltid avskrifter), då avskrifta kan ha utelati moment
som fanst i førelaget. Berre når ei rad indre haldepunkt peikar i same lei,
og eventuelt samstavar med ytre kriteria, kan ein draga sikre slutningar,
og såleis finna ut kva litteraturverk ei soge har vori påverka av.
Eyrbyggja s. kap. 57-62 inneheld ein serleg tått som byrjar slik:
En er Snorri godi haf di få vetr buit i Sælingsdalstungu, f>å bjo så madr
å Eyri i Bitru, er Ospakr hét. Hann var sonr Kjallaks frå Kjallakså af
Skridinsenni. Ospakr var kvångadr madr. Hann åtti son f>ann, er Glumr
hét ok var ungr i pann tima. Ospakr var manna mestr ok sterkastr. Hann
var opokkasæll ok inn mesti ofafnadarmadr. Hann haf di med ser karla
sjau eda åtta, ok våru peir mjgk sakgæfir vid menn par nordr. Hgfdu peir
jafnan skip fyrir landi ok toku af hvers manns eigu eda rekum pat, er peim
syndisk3. Vi høyrer vidare at Ospakr og karane hans hadde laga seg eit
virki på garden Eyrr og hadde dette til utgangspunkt for herjeferdene sine,
men at dei til slutt dreiv det så vidt at Snorri go c) i fekk dei dømde fred-
lause på f>orsnes-tinget og ei tid etter drepne. Eyrb. er ei av dei sogene
som vi med størst visse torer tru er bygd over tilfang frå munnleg over-
levering om historiske hendingar. Det er godt mogeleg at også tåtten om
Ospakr på Eyrr inneheld ein historisk kjerne. Men det som er spunni kring
denne kjernen, f råsegnene om herjeferdene, vir kit og fredløysa, minner
sterkt om tilsvarande fråsegner i andre soger om fredlause kj emper, slike
som HprSr Grimkelsson, Grettir Åsmundarson og Gisli Sursson. Vi har
her å gjera med eit kompleks av motiv som brukte å fylgjast i litterær
overlevering, og då vel og i munnleg forteljing. Til den historiske frå-
2 Jfr. t. d. B. M. 6lsen: Om Gunnlaugs saga Ormst. s. 22 og 37, og i denne boka
s. 248.
’ ff. IV 157.