Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 70
68
hadde sambandsfelagane ikkje tenkt å bry seg om kor mykje eller lite lov-
leg tiltaket deira var17, eller så er planen deira uttrykk for ein rettspraksis
som var eldre enn føresegnene i Gråg.18 - M’s eida er føresetnaden for
omtalen av eidar seinare i båe gjerder (i 476-12,25-27 0g 5416-21,28-31).
Det er då grunn til å rekna dette ordet for opphavleg; for ordet bgnd,
band ber ikkje utan vidare det med seg at der var svori eidar. - 379-11
ok hyggja----risa M. Som oftare er innhald med humoristisk effekt borte
i K-g. Orda står i stil med brautinga til hovdingane i byrjinga av kap. 8
og danar kontrast til det store vonbrotet deira ved utgangen av saka. Når
desse orda vantar i K-g, heng det truleg saman med at den direkte skild-
ringa av kva sambandsfelagane tenkte, i K-g alt er føregripen i innskotet
peir vdru----til farit 3725'28. — 3711-12> 31-3 2 sj,{lja-hl jo i) i M, pessu
er----af pin gi K. K-g tykkjest avgrensa løynleghaldinga til tinget, medan
M-g let løynda vara lenger. Dette siste høver best med resten av dette
kapitelet, då hovdingsambandet i båe gjerder er ein løyndom like til etter
stemninga og noko O. fyrst får greie på gjennom far sin (jfr. 3817~20). -
3712-15,32-35 Oddr-------laug M, ok hefir------fundusk K. Omtalen av
at det no vart betre venskap mellom feggane, kjem på høvelegare stad i
M-g enn i K-g, då den nye venskapen er føresetnaden for at dei kjem
saman ved lauget. opt i K-g høver mindre godt, då sambandet mellom O.
og Of. framleies er strengt løynleg. - 383 Oddr fréttir-----pess sé M.
Orda viser tydeleg kor fåkunnig O. er når det gjeld rettsstell, og kor lite
forstand han har på å fylgja med og bu seg på slikt som kan henda. Same
fåvisa kjem endå klårare fram i neste svaret hans, som utløyser ein
ironisk merknad av Of. Denne psykologiske detaljskildringa er langt på
veg utviska i K-g. — 386"17 lida nu stundir----fram komit M. Utf. av
K-g har sprungi over heile fråsegna om stemninga, som er ein naudsynleg
føresetnad for alt som skjer seinare i soga. Ein kunne tenkja seg at dette
beint fram kom av mislesing i førelaget, at det har vori hoppa frå ekki
lizk mér petta pungt 384~5 til eigi lizk mér petta mål pungligt 3814~15.
Vel så truleg er det likevel at utf. av K-g for å stytta har slegi saman dei
to fråsegnene om samtalar mellom feggane til ei. Men då kom fråsegna om
stemninga på tverke og måtte falla ut. Seinare vert utf. av K-g klår over
at han har gjort ein feil her, og bøter på det (jfr. til 3925~27). Of.s
17 D. v. s. lovleg ut frå dei lovene som galdt då soga vart utforma. Sogemannen
kan ha resonnert ut frå desse, jamvel om lovene var annleis på 1000-talet, den tida
sogehendingane er lagde til.
“ Jfr. Maurer: Vorlesungen V 694; Heusler: Strafrecht § 44.