Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 68
66
I kap. 10 står Eg. i ei serstode og kan ikkje takast med i jamføringa. Men
utanom dette er samsvaret mellom desse to stadene i K-g så påfallande
at det ikkje kan vera tilfelleleg. Det er då grunn til å tru at vi her har
for oss eit nytt døme på føregriping i K-g. - Når det gjeld presenta-
sjonen av kvar einskild hovding, er M-g konsekvent forma med omtale
av namn og farsnamn og inkje anna. I K-g er ikkje herre Styrm. og J>or.
nemnde utan presentasjon liksom i M-g (velkjende som dei alt er), men
og Herm. Har dette grunnen sin i at utf. av K-g held til på Midvest-Is-
land (BorgarfjprSr?) og reknar Herm. for serleg velkjend? Berre til fire
av dei hine hovdingane nemner K-g fars (eller mors-) namnet: Jårn-
skeggi, Gell., Eg. og I’orgeirr, til Jårnskeggi også farfarsnamnet, derimot
garden eller heimbygda til alle. Også når det gjeld forma, varierer presen-
tasjonane i K-g. Denne skorten på konsekvens skulle ein helst tru skriv
seg frå utf. av K-g. Som ovanfor ved innføringa av Styrm. (218-19) og
tor. (1316~19) har han og her sett til slikt han visste, men har truleg
ikkje visst like mykje om alle. Når det gjeld farsnamnet til Gell., er det
likevel M-g som har urett og K-g det rette. H. FriSriksson meinte rett
nok at torkelsson i K-g var rangt av di Gellir torkelsson på Helgafell
„ikke vel kan antages at have havt flere voxne Døttre i Odd Ufeigssons
yngre Aar, hvorimod han snarere maa antages for at have været dennes
jævnaldrende"9. G. Vigfusson avviste dette, med di han heldt fram at vi
kjenner til alle husbøndene på Helgafell frå garden vart bygd og ut i det
11. h.å., men mellom desse er ingen Gellir f>orSarson. Gellir Rorkelsson
var fødd ca. 1008 og kunne difor godt ha vaksne døtrer på denne tid10.
G. Vigfussons argument om busitjarane på Helgafell held stikk så sant
Gell. i M-g budde på den garden. At han gjorde det, tykkjest gå fram av
kap. 9 (538~9), der vi høyrer at han budde i BreiSafjprSr-omkvervet, og
dessutan av det at Eg. på Borg er den som bur nærast honom av sam-
bandsfelagane (jfr. 558-9). Alderen til Gellir f>orkelsson er lite å bry seg
med i eit sogeverk av slikt slag som B, men skulle heller ikkje i og for
seg stå i vegen. Dersom hendingane i B vert sette til 1057 eller derikring
(jfr. s. 24, merkn. 5), kunne dottera RagnheiSr vera fødd kring 1040.
Om så Gell. sjølv skulle vera fødd så seint som 1021, ville dette vera
mogeleg. Men han er sikkert fødd tidlegare* 11. Forutan Gellir Rorkelsson
kjenner vi elles til berre ein framståande islandsk stormann frå same tid
9 Utg. 1850, innleiing.
10 Ny félagsrit XVIII 157—158.
11 Jfr. E. 61. Sveinsson i If. V s. li-lii.