Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 226
224
som M 6316 skjaldaskriflum ok baugabrotum, K 6330-6419 baugabrot
ok harkagripir, M 6512 prettottan, M 667 matsinkr, K 667 8 matgce8in.gr,
skjellsordet svikarinn K 6421 o. s. b.
Karakteriseringar av dette slaget har vi og ei rad av i strofene: Str. 1
gassi (= „dumming" ?, jfr. Fritzner under gas), str. 2 heimdraga, str. 3
audar Njgrdum, pundurn pykkra randa peys, str. 4 ulfs hali.
Ein kunne venta at uttrykk av dette slaget var serskilt mange og grove
i B. Men slik er det ikkje. Når det gjeld å vera grov, går sogeverk som
t. d. Qlkofra Jj., Ljosv. eller Njål. lengre. I B er uttrykka vanleg relativt
måtehaldne. Det gjeld båe gjerder. Men M-t er noko djervare enn K-t,
dei saftige vendingane fleire og meir fantasifulle.
Til ei typisk senna, slik vi kan finna ho i eddakvæde og sogeverk som
Qlkofra J). og Njål., piar det høyra med skuldingar av obscøn art.
Dette finn vi att også i B, men i sers tilsløra form, i Eg.s ord til f>or.
M 671-2 og kan henda og til Styrm. M 661, K 6530-31. At det vert
overlati til ein mann med grov munn å seia slike pikante ting, er ikkje
noko sersyn. I Ljosv. er det ein notorisk grobian, Lorkell håkr, som talar
opnast ut om slikt, og i Njål. den vyrdlause SkarpheSinn. I B er skuldinga
sterkare maskert og, allvisst når det gjeld Por., vel ikkje så grov i inn-
haldet91. Den lettare, meir elegante tonen til B kjem fram her med. Men
jamvel dette ser ut til å ha vori for drygt for utf. av K-g. Han har forma
om skuldinga til det ukjennelege. Men dermed har og sjølve „vitsen"
komi bort.
Eit stildrag som i M-t støtt er nær knytt til replikkar, men i K-t og
finst nytta andre stader, er kombinasjonen av tredje persons
personleg pronomen med personnamn nærast etter. Dette
er eit stilmerke som er fullt levande den dag i dag både i islandsk og norsk.
Det førestelte pronomenet er i notidsmål trykklett (proklitisk). Funksjon-
elt verkar det som eit slags føresett bunden artikkel. I sogelitteraturen
finst denne konstruksjonen sporadisk ymse stader, såleis i desse sogeverka:
Egils s. Skallagrimssonar ...... 3 gonger
(Isl. fornr. II 63, 64, 167)
Eyrbyggja s..................... 3
(Isl. fornr. IV 53, 99, 175)
81 I dei nemnde sogeverka er det tale om homoseksualitet. Men her er det vel
heller tale om onani. Jfr. s. 98.