Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 196
194
varierte samansetningssamband. Døme på dette er gjevne ovanfor s. 184.
Bortsett frå dei døma som er påpeika der, representerer assonansane
i B oftast berre eit tilnærma og truleg tilfelleleg klangsamanfall. Dette
samstavar med den ålmenne tendensen i i.-s. til å undgå rim i prosaen.
I „lærde" verk som t. d. Barlaams s. finn ein derimot oftare døme på heil-
rim (som øngSi ok prøngdi, um allar aldir veraldar, til fremdar ok frama
ok sæmdar ok sama)ie. Det same ser ein i riddarsogene47.
ANDRE STILEIGENSKAPAR
Om pers. pron. + personnamn sjå s. 224f.
Eit kunstmiddel som er serleg mykje brukt i sogene og som vi og finn
mange døme på i B, er litotes. Eg skal ikkje her ofra mange ord på
den velkjende typen med nekting av motsetnaden til det som skal fram-
hevjast, t. d. M 26-7 ekki hafdi hann mikla åst af feSr sinum; engi var
hann verklundarmadr, K 221~23 ekki hafdi hann ast mikla af fedr sinum;
ekki vann hann ok heima nema f>at, er hann vildi; M 134 ekki kann ek
at girnask til pins magis, K 1321"22 ekki kann ek at girnask magis pins;
M 196 ertu eigi på mikill bordi, K 1927-28 eigi ertu tnikill bordi; M 524
skortir hann eigi fé né att goda; M 5915 pik skortir eigi fé, K 5929
skortir pik ok eigi féit; M 6418-654 ekki atla ek at ofsggur matti segja
frå vanhgldum pinum. Dette er eit stildrag som utformarane av båe
gjerder er fortrulege med. Meir interessante, men på ingen måte noko
sersyn for B, er dei tilfella då litotes er teki i teneste for humoren. Eit
målande døme på dette har vi i skildringa av Of.s utsjånad då han møtte
O. på tinget og for heldr bjugr M 302. Adverbet heldr er i det heile
vanleg i slike uttrykk. Det målber ein ironisk reservasjon hjå forteljaren
som gjev fantasien til lesaren (åhøyraren) spelerom. Ein liknande reserv-
ert-ironisk ordleggingsmåte møter vi i O.s svar til Of. M 396~7: pat
pykki mer illskåinn, at pu hafir. I røynda meiner sjølvsagt O. at det er
mykje betre at Of. får pengane. Endeleg kan nemnast eit døme der litotes
er kombinert med ein serleg pregnans i tydinga. Då Osp. kjem til J>or.
for å be om Svala, er par tekit vid honum vel at eins M 132. Dette at
eins, som vel er utfalli i K-t, gjev heile situasjonen. Osp. vert høfleg og
formelt motteken, men utan varme. I røynda er han sers uvelkomen, og
46 Sjå t. d. utg. 1851 s. 2T, 65“ 10716, 1 1924, 12 1 28-20, 165”, 16832-33, 18116, 20222,
2120-10
47 Cederschiold: Fornsogur SuSrI. s. v-vi.