Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 264
262
i grannelaget, også når dei set seg opp mot overgrep frå hovdingen sin.
I Ljosv. er Ofeigr JårngerSarson sjølve kroppsleggjeringa av bondebyrg-
skapen andsynes hovdingmakta. Det tykkjest ikkje utruleg at denne Ofeigr
JårngerSarson, serleg slik vi møter han i Ljosv. (både i den eigenlege soga
og i dei innskotne tåttane) har vori ei viktig inspirasjonskjelde då Of.-
figuren i B vart utforma. Of. i B minner om Ofeigr JårngerSarson når
det heiter at han var i qIIu mikilmenni M l9 og spardi vid engan mann
mat M 21, K 217, spekingr mikitt ok inn mesti rå d ag o rd am ad r M l8"9,
jfr. K l17. Of. høyrer heller ikkje med til hovdingane, men er ættstor.
Han er tingmannen til den vyrdlause og kravstore hovdingen Styrm.,
liksom Ofeigr JårngerSarson var tingmannen til den vyrdlause og krav-
store GuSmundr inn riki. Men dei to Ofeigane stansar uretten og aud-
mykjer hovdingane.
I alt dette minner Of. om ættfar sin. Men der er og tydeleg skilnad.
Overmakta til Ofeigr JårngerSarson ligg fyrst og fremst i den fysiske
styrken hans. Det er den trugande kjempeneven hans som set tinga på
plass. Ofeigr SkiSason vinn derimot ved hjelp av reint intellektuelle våpen.
Denne skilnaden heng sjølvsagt noko saman med at dei to karane står
andsynes ulike oppgåver. Men skilnaden heng sikkert og saman med at
sogemannen i kvar av dei to sogene ynskte å leggja brett på ulike eigen-
skapar.
G. Jonsson rekna det for heilt visst at B byggjer på Ljosv. („C-gjerda“
med dei innskotne tåttane)49. Dette grunnar han ikkje berre på det at
Ofeigr JårngerSarson er omtala i byrjinga av B, men og på sume likskapar
han finn mellom B og VpSu-Brands ji. i Ljosv. I tåtten frir Ofeigr Jårn-
gerSarson for Borkell Geitisson utan at Lorkell veit det, liksom Of. i B
frir for O. utan at han veit det50. G. Jonsson gjer merksam på ein serleg
replikklikskap mellom tåtten og K-t: Då Lorkell Geitisson får vita om
festarmålet, seier han: på mey vilda ek ok helzt eiga å Islandi51, medan
O. i B seier: petta er svå rådit, er ek vilda helzt mer kjosa K 6918"19.
G. Jonsson nemner og at det er i Ljosv.52 og B (K 6031) vi høyrer om
venskap mellom Gell. og Skegg-Broddi53.
Bortsett frå likskapen når det gjeld biletet av dei to Ofeigr-karane, er
49 ff. VII s. lxxxvii; jfr. og S. Nordal i Nord. kult. VIII:B s. 261.
“ Påpeika alt av A. Heusler i utg. 1897 s. xlviii, utg. 1913 s. xlix.
“ ff.X 137.
52 f f. X 89.
“ ff. VII 349, merkn. 2.