Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 193
191
det kjem fram, er det som ei uviss gissing av O.: hitt pykki mér verra, er
eh veit eigi, hverr stolit hefir M 198“9, jfr. K 1929-30. stolit er eit farleg
og lagnadstungt ord i i.-s. Det kan draga etter seg njosning, stemning,
kan henda rettssak eller overf all med uoverskodlege konsekvensar. Våli
reagerer sterkt på dette, kvir seg på å tru det og vil ha nøgnare forklåring.
Då tek O. opp att ordet tydeleg og alvorleg (i M) : ekki er pvt at leyna,
at ek æt(la) Ospak stolit hafa 201-2 (jfr. K 1931-2020, der likevel stolit
vantar). Dei tre siste orda i M feli kvart for seg som tunge hamarslag,
som liksom søkk ned i Våli. I vanleg kvardagstale ville O. ikkje ha teki
opp att stolit, men ha nytta gert el. likn. i staden, eller stytta av svaret
endå meir, slik vi no ser det i K-t. I M har vi tydeleg å gjera med eit
medviti stilistisk oppattak. Men enno er vi ikkje ferdige med dette ordet.
I M-t er det støtt O. som nyttar det. Våli er redd det. Han skyr det
og grip til eufemismar i staden: pykki pér pat vist-at pat mun af or Sit?
seier han til O., og til (5sp.: sumir ætla, at vera muni af manna vgldum
223 og pat vil ja sumir kalia eigi ovænt, at vera muni af pinum vgldum
2210-231. Denne finessen med ordet stolit har utf. av K-g ikkje vorti var.
I samtalen mellom Våli og O. evar han seg ikkje for å lata Våli taka det
farlege ordet i munnen: skal ek viss verSa, kvart hann hefir stolit saudum
cda eigi 2029~30. Men enno er ikkje stolit ute or soga. Våli kjem heim.
Han kvir seg framleies for å seia det stygge ordet. Men O. busar på som
vanleg. For tredje og siste gongen lyder no ordet, og med all si tyngd:
nu parf eigi vid at dyljask, at Ospakr hefir stolit 254"5, jfr. K 2520"22.
Dermed er katastrofen uavvendeleg.
Døma i samband med ordet stolit fører oss inn på ein serleg type inn-
haldsoppattak, der innhaldet i eit ord eller ei ordfylgje vert attgjevi på
nytt ved hjelp av ei omskriving. H. Lie har kalia dette for „peri-
frastisk responsjon"44. Serleg kvardagsleg er det at slike oppattak
kjem i stand ved eit samanfatande og tilbakevisande ord, såleis t. d. pro-
nomenet pat 203’ 5 (2. gong), so, 2111, 228-30, 284>19, 3823, 3917, ad-
verbet svd 225, 239, 3815. Meir kunstfulle er dei tilfella der oppattaket
vert nytta til eufemistisk omskriving. Fleire gonger ser vi korleis
innhaldet i ei krass eller farleg utsegn liksom vert mildna eller avbøtt
ved å verta attgjevi med andre ord i svaret, såleis i dei siterte svara til
Våli her ovanfor. Mildnande er og tilsvaret til Styrm., då For. har kalla
Dsp. inn versti maSr: ja, segir Styrmir, eigi er madrinn godr vist M 282"3
44 Studier i Hkr.s stil s. 75.