Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 92
90
ein skilsdom som er sermerkt ved at domarane samstundes er part i saka.
I dette tilfellet vert eine parten, som er ein flokk, representert ved berre
to. At fleire parthavarar såleis let seg representera ved færre, kan jam-
førast med føresegnene i lovene om at ein mann kan saksøkjast på vegner
av ein større flokk8. Den viktige argumentasjonen som overtyder mot-
standarane om at berre eit utval bør vera skilsdomarar, er fyrst over-
sprungen i K-g. Of. byrjar der brått å tala om at frendane til O. skal
velja skilsdomarane mellom sambandsfelagane, før nokon har tala om at
det i det heile skulle gjerast noko utval. Men utf. av K-g ser snart at han
har forrent seg, og freistar så å få den oversprungne lekken i tankegangen
med gjennom tillegget eda skulu-------otidara 5725~26, som ikkje heng
saman med spørsmålet om kor vidt frendane eller sambandsfelagane sjølve
skal velja ut skilsdomarane, men med spørsmålet om kor vidt alle eller
berre eit utval skal døma. Den klåre og systematiske framgangsmåten til
Of. i M-g er avløyst av forvirring i K-g. Denne forvirringa fører til oppat-
taket kvart skulu frandr frå eiga kost at kjosa 5724, som stod i Of.s
førre replikk. Oppattaket av kjosa i Herm.s svar (5727) kunne til naud
forsvarast som „dialogisk responsjon'1. Men når kjosa kjem att endå ein
gong, i Of.s ord ok mun frat-----sekr ggrr 5728-3°, har det ikkje noko
med stilkunst å gjera. Dette er eit malplasert innskot. Innhaldet låg alt
i Of.s fyrste spørsmål, der han søkte om scettir. - ok munu menn verda til
handsala 5730 er p. d. a. s. føregriping av noko som skal koma etter at for-
liket er eit faktum. Jfr. oppmodinga nedanfor i 5822. - en ek mun kjosa
---eda fleiri K 5731-5819. Endå eit oppattak av kjosa. Desse orda er
sprengde frå samanhengen sin ved innskotet om handsgl og er i det heile
ein nyttelaus repetisjon av det som alt låg i Of.s spørsmål ovanfor: kvart
skulu frændr fra eiga kost at kjosa frå, er freir vilja, eda skulu frér allir
gera. - Vi legg merke til den skilnaden at Of. i M-g får tillating til å
velja ut to, noko som etter lovene å døma har vori det vanlegaste. I K-g
får han derimot ei meir vidtgåande fullmakt. Der får han og høve til å
avgjera kor mange skilsdomarar det skal vera. - 581-19 jå, jå M, låttu
svå vera K. I M-g korrespondanse med f>or.s jå M, jåtum K (582>20).
Dette er sikkert det rette. - 584'5 nu leitar--vis s M. Ein viktig lekk i
tingingane som er bortkomen i K-g. Den fattige Of. kunne ikkje aleine
garantera at den løysingssummen som forliksdomarane sette fast, kom til
å verta betalt. Men alle rekna det for sjølvsagt at O. ville gå inn på
f
8 Jfr. t. d. Gråg. Ia 48, 194.