Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 78
76
orda i M-g i 573-4. Båe stadene er dei uttrykk for tilbaketrengd harme
hjå Of., og er forma med flengjande ironi: Trass i det uhøyrde hovdingane
har teki seg føre, har dei vel ikkje tenkt å sjå fullstendig bort frå all lov
og rettspraksis ? Og båe gongene lyt motparten viljug eller motviljug gå
med på at rettsreglane skal fylgjast. Eit tilsvar til desse orda i M-g har vi
i K-g 452 2-2 3, men der på uhøveleg stad, noko som stadfester at dei har
den opphavlege plassen sin her. - 455’19 g eis an M, gemsi K. gems tyder
„kaad Opførsel, hvorved man fornærmer eller fortrædiger andre" (Fritz-
ner). Men det hovdingane hadde i sinne, var noko mykje alvorlegare. M’s
geisan lyt difor høva betre. Verbet geisa vert nytta i samband der det er
tale om vyrdlaus brutalitet. — 455-9 nei-----pess vid purfa M. Denne
tiraden vert ekstra komisk av di O. i denne situasjonen nett har vanta dei
eigenskapane som Of. rosar hjå han. Vel utelaten for skuld skort på hand-
ling i K-g. - 459-11,21-23 0£ jmt grunar-----sekjan M, ok vcentir-------
dæmi finnisk til K. Orda po at per haf id etc. i M i 451-2 finn vi som
nemnt tilsvaret til i K-g her: pott pér haf id etc. Men dette høver betre
i samband med planane til hovdingane enn i samband med sigleferda. Ein
kunne tenkja seg at dette er eit tilfelle av etterpåvøling. Men det kan og
vera at grunnen til omstellinga berre er mislesing i førelaget. Utf. av K-g
skulle skriva pd at pér kaliid hann sekjan, men har komi til å hoppa
attende i førelaget til pd at pér haf id etc. Ved dette har omtalen av O.s
sigling og eventuelle strandhogg vorti sprengd i to delar. - 4515-462,
4523—4B19 frétt hafdi----åmali M, gat hann--------dvirding K. Tilsvaret
til denne tekstluten i K-g finn vi i M-g i samtalen med Gell. i 537'19.
Desse trugsmåla mot andre av sambandsfelagane kunne vera vel skikka til
å skræma den milde og venegode Gell., men måtte gjera mindre inntrykk
på den vyrdlause hardhausen Eg. I dette tilfellet kan det ikkje vera tale
om mislesing, både av di det er så langt fråstand mellom stadene og av
di garden til Gell. er omtala fyrst i 539, medan garden til Eg. kjem fyrst
her. Vi lyt heller taka det for ei serleg omfangsrik føregriping. I samtalen
med Gell. i M nemner Of. alle stader berre namnet på hovdingen og
bygdelaget, bortsett frå Borg. I K-g her nemner Of. derimot ikkje berre
bygdelaget, men og namnet på garden til kvar av dei omtala hovdingane.
Vi kan her ha å gjera med same trongen til å leggja til geografiske opp-
lysningar som vi har møtt oftare før i K-g (jfr. s. 123). — 463’19 petta —
dagsanna M, petta------satt K. Desse orda i K-g finn vi att i samtalen
mellom Of. og Gell. i M-g (i 542), truleg eit nytt vitnemål om korleis
utf. av K-g har blanda saman samtalane mellom Of. og Eg. og Of. og