Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 269
267
at tåtten kunne vera frå kring 120063. Spørsmålet om ei nærare alders-
fastsetjing lyt samstundes verta eit spørsmål om tilhøvet mellom tåtten og
B. Alt Årni Magnusson meinte at tåtten har vori førebilete for soga64.
H. Gering hevda i utgåva si at tåtten var yngre, av di „die darstellung
der Bandamanna saga weit glaubwiirdiger ist“65. A. Heusler viste at soga
står mykje høgre enn tåtten som kunstverk, og rekna tåtten for etter-
herming66. At tåtten er yngre, meinte og G. Vigfusson og B. M. Olsen67,
medan F. Jonsson ikkje sa seg i stand til å ha nokor meining om dette68.
I nyare tid har derimot Årni Magnussons syn fått fylgje av S. Nordal og
G. Jonsson69, og i tilslutning til han sette så J. Johannesson alderen til
tåtten til kring 1250 (mellom VåpnfirSinga s. og B)70. Han gissa og på
at Njål. byggjer på Qlk.71
G. Jonssons argument for å tru at B byggjer på tåtten, er serleg
desse: 1) Tåtten er meir primitiv som kunstverk. Han som forma B, har
liksom Snorri Sturluson skapt noko betre enn dei førebileta han hadde.
2) Intrigen er gløggare spunnen i B. Det er usannsynleg at den som
kjende denne gløgge intrigen, skulle velja noko mindre gløgt. 3) Biletet
av Skegg-Broddi i B kan ikkje ha gjevi ideen til skildringa av Skegg-
Broddi i tåtten. 4) Tåtten er ein uoppløyseleg heilskap, medan det til-
svarande i soga herre er ein del av henne. Det er „naturlegare" at den
heilstøypte tåtten går inn som del av noko større, enn at det vert laga ei
ny forteljing herre av delen. 5) Motsetnaden i biletet av O., p. d. e. s.
dugleiken hans som farmann, p. d. a. s. dugløysa hans i rettsstrid, kan
koma av at den fyrste eigenskapen har opphavet sitt i folketradisjon om O.,
medan den andre er overteken frå Qlkofri-figuren. Det er derimot vanske-
leg å sjå Qlkofri som ei samanstøyping av O. og Of. — Av desse argu-
menta til G. Jonsson synest eg nr. 3 og 5 har mest på seg. Men der er og
andre omstende som tykkjest peika i same lei. Mellom Ljosv. og Qlk. er
der ikkje liten skyldskap, ikkje herre i detaljar, men og når det gjeld meir
03 Utg. 1933 s. xxvii.
64 G. Vigfusson: Sturlunga saga I s. liii, merkn. 1.
00 Gerings utg. s. 13.
“ B-utg. 1897 s. xlviii—xlix, utg. 1913 s. xlix-l og xlv.
GT Sturlunga saga I s. liii; Um islendingasogur s. 264.
08 Utg. 1933 s. xxvii.
09 ff. VII s. lxxxv—lxxxvi, cii. Såleis og A. R. Taylor i Skirnir 1951 s. 174-175
(jfr. ovanfor s. 92, merkn. 10).
™ ff. XI s. xxxviii.
n ff. XI 92, merkn. 4; jfr. E. 61. Sveinsson: Um Njålu s. 143.