Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 62
60
I K-g er heile denne subtile og fint uttenkte argumentasjonen bortkomen.
I staden kjem Of. her, etter at eidane alt er svorne, med ei merkeleg og
uklår oppmoding til domarane om at dei skal sverja slike eidar som er
„gode“, og døma Osp. etter dei. - 3412-14 Ofeigr lætr-------sjodsins M.
Same knepet i båe gjerder i 4613*15>23_26. Utf. av K-g har sløyfa frå-
segna i 3114-15 om at pengane vart overlatne i ein stor pung. I samsvar
med det er pungen utelaten også her i K-g (jfr. og slutten av kap. 7). Vi
lyt då i K-g berre slutta oss til at pengane Of. nyttar her, er fengne frå O.
Men omtalen av pungen er både her og i kap. 8 eit moment med tydeleg
komisk verknad, og dessutan viktig til å bu oss på seinare handlingar. Slik
systematisk førebuing av det som skal koma, er eit ålment drag ved kom-
posisjonen i soga vår. Jfr. s. 232. - 3414-i7>3i hann mælti----réttsynna
M, ok munu-------fyrir ySr K. Denne setninga i K-t skulle formelt peika
attende på det nærast føregåande, en fat-----verdir. Men det vert mein-
ingslaust. Ein lyt setja ho i samband med det som står endå lengre
framme, at vinna få eidana etc. Forklåringa på denne rotute oppstellinga
i K-t får ein i M-t, der dei tilsvarande orda, ok hafa far i mot etc., går
attende på at dæma rétt ok satt, som er oversprungi i K-t. — 3417-18
hann tok-----fyrir feim M. Omtalen av pungen er utelaten også her i
K-t i samsvar med den føregåande utelatinga. - 3418-23 TOy---------sjalfs
sins M. Of.s overtalingskunst når her toppen. Han seier seg syta meir
for domarane si velferd enn for si eiga, d. e. han bergar dei frå å bryta
eiden sin og døma rangt, og gjev dei pengar attpå, men set seg sjølv i fare
(for å verta saksøkt for muting av domarane). Når Of. framhevjar ven-
skapen og frendskapen som knyter han og domarane saman, er det eit knep
til å skapa godvilje som vi seinare mutatis mutandis finn att i sam-
talen mellom Of. og Eg. i kap. 8. Orda ok fo feir------sjålfs sins er kan
henda forma litt uklårt med vilje. Dei ser nærast ut som eit atterhald:
„og likevel slike karar, at det er naudsynleg for kvar å passa seg sjølv",
d. e. Of. kan ikkje taka på seg deira ansvar om dei dømer rangt (mot Of.s
råd), men tek sjølv ansvaret for pengegåva. - 3423-25,31-33 v{[ e(.------
målit M, vil ek-----reifir K. I K-g er pengegåva dårlegare psykologisk
førebudd enn i M-g, der domarane har fått interesse for pengepungen
lenge før Of. seier noko om kva han skal vera til. - To av domarane, ein
Ein kunne t. d. tenkja seg - fat er meiri abyrgS, at dæma fann frjalsan, er makligr
er daudans, (en at dæma hann sekjan,) en hafa ddr etc. Dette gjev likevel mindre
god meining, då dæma, som fér vissid réttast lyt stå i motsetnad til dæma - -
frjalsan. Men j am vel med denne siste tolkinga vert hovudtanken den same.