Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 138
136
talen i M-g er avslitne i K-g ved innskot av uvedkomande tekstelement,
slik som vist tidlegare i den tekstkritiske detaljsamanlikninga s. 52-56.
Gjennom samtalen med O. har Of. vunni den fyrste store sigeren sin.
Vi er no stort sett ferdige med den meir alvorlege og tragiske delen av
soga, der striden mellom den strie og byrge faren og den strie og byrge
sonen er grunnmotivet. I den seinare delen er hovudinnhaldet fråsegna
om korleis Of. vinn over motstandarane til sonen sin. Denne delen er i
hovudsak rein komedie. Dei viktigaste hendingane går føre seg på dette
og det fylgjande tinget, men har sers lite med offentleg rettargang å gjera.
Det som avgjer sakene — og det er ein av finessane i soga — er ikkje det
som skjer offentleg, men heilt private samtalar. Jamvel samtalen mellom
Of. og domarane er av privat natur, i ein pause i sakførsla. Of. høyrer nok
med mellom dei store lovluringane i sogelitteraturen. Han kan sine ting
og veit å nytta ut lov og rett på ein serskilt siøg måte. Men det eigenarta
ved han er ikkje så mykje det at han ved uvanleg stor lærdom får loven
til å tena sine føremål, slik vi ser det hjå dei lovlærde i Njål., som det
at han beint fram bryt loven i rettens namn. Hovudvåpenet hans er difor
ikkje lovkunnskap og lovutnytting, men menneskekunnskap, ordhegd og
skodespelargivnad.
Den bisnelege overteljingsevna til Of. vert serleg demonstrert i fire store
samtalar. Den fyrste av dei, samtalen med O., er alt omtala ovanfor. Når
det gjeld dei tre hine, vil eg ikkje bruka tid til ei så detaljert gjennom-
gåing, men nøya meg med å visa til den ålmenne karakteristikken s. 215—
216. På ymse måtar vil ein finna same skjemaet for framgangsmåten og
dei same diplomatiske knepa i fleire av desse samtalane, eller i alle. Men
trass i dette skjemabundne har sogemannen greidd å gjeva Of. ei fin evne
til å lempa orda sine etter kven han har føre seg. Såleis er det einast
skaldeættingen Eg. han freistar å vinna ved å kveda for han. Denne til-
måtingsevna kjem serleg klårt fram om ein jamfører samtalane med Eg.
og Gell., som elles byd på så mange parallellar. Dei to hovdingane har
sers ulikt lynde, Eg. byrg og djerv, Gell. smålåten og ottesam. Då Of.
skal ha tak i Eg., passar han på å råka han ute, ventar bak veggen til Eg.
har tala frå seg med nokre andre, og helsar deretter vyrdsamt på han. Då
han vil finna Gell., sender han derimot bod inn etter han og gjer seg
mindre umak med å få han i godlag. Ein merkar no lite til den sjølvned-
setjande tonen og den overdrivne hølinga som Of. brukte mot Eg., då han
kalla seg sjølv heimdragi, karl, litilmenni, og Eg. rausnarmaSr og hgf3ingi
mikill. Of.s omtale av Gell. som vitr inadr er inga overdriving, men ein