Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 223
221
desse uviktige orda, desse orda som ikkje fører inn nye tankar eller hand-
lingsmoment, har ei viktig oppgåve. Dei kan verka inn på kjenslelivet, og
dei skaper atmosfære.
B er kanskje den soga som har dei klåraste døma på dialogar som kan
kallast ein imitasjon av denne kvardagspratinga89. Den fyrste sam-
talen mellom Csp. og O. viser oss denne sermerkte dialogteknikken i full
blom. Csp. innleier samtalen med O. med ei veritabel opphoping av kom-
plimentar, der temaet vert variert i stendig nye ord: god frétt ferr um
ydvart råd----ertu mjgk lofadr af mg rinu ni---allir py kk jask peir vel
komnir, er med per eru 77~9, jfr. 723-25. Gjennom variasjonen ser vi
likevel korleis Osp. varsamt og stegvis nærmar seg det han eigenleg er
komen for å seia. Men heller ikkje det kan han bera fram stutt og fyndig.
Fyrst kjem ei psykologisk motivering som på ein gong skal orsaka han
sjølv og smeikja O.: nu vanti ek, at mer muni svå gefask, og endeleg kjem
sjølve ærendet: vilda ek hingat rådask til pin 79-19, jfr. 725-27. Den
fylgjande samtalen viser og korleis både Osp. og O. tek oppatt same
hovudmeininga med andre ordelag. Eg har tidlegare peika på det tradi-
sjonsbundne i figurar som parvis ordstilling, parvis oppstelling, antitesar
og andre former for logisk og rytmisk parallellisme i B. Men tradisjonen
er her ikkje hovudsaka. Noko av det mest ypparlege ved stilen i B er det
at han ikkje er noko berre reint ytre og mekanisk overteki, slik som stilen
i t. d. riddarsogene, men at dette nedarva formapparatet er gjort til tenar
for og kan bøya seg viljug inn under krava til realistisk etterherming av
røynleg liv. Dette ytlege, livsfjerne og ofte stive stilskjemaet er her ut-
nytta til å få fram den nesten banale uttværinga av samtaleemnet som
høver så godt i slikt kvardagsdiplomati.
Same teknikken kjem kan henda endå klårare fram i samtalen mellom
Våli og Osp. i kap. 4. Her er det to karar som til å byrja med gjensidig
freistar å løyna seg for kvarandre. Dsp. tek til. Det er naturleg, for
tankelivet hans krinsar jamt kring brotsverket, og no vil han dessutan
skaf fa seg kunnskap om stoda i fiendelægret. Men Våli er på vakt. Det
er liksom dei to står og tygg og tygg på det same, i spaning og angest for
å gå lengre. Også her nærmar samtalen seg seint og systematisk til det
kritiske punktet. Men sume av replikkane er fullstendig inkjeseiande,
tener berre til å løysa ut ein ny replikk hjå motparten, som svå er ok 22s,
" Ordrikdomen i eit verk som Laxd. har vanleg annan karakter, er stilpryd meir
enn „prating". Jfr. ff. V s. xvm-xix og til vis. til sogeteksta der.