Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 219
217
som Of. kved. Desse strofene kjennest ikkje serleg naturlege for ein notids-
lesar i slik samanheng. (Det gjer for så vidt heller ikkje dei innlagde
ariane i eit diktarverk frå nyare tid som „Kierlighed uden Strømper", eller
ymse av songane i Bjørnsons bondeforteljingar.) Det kan likevel vera at
strofene ikkje kjendest som noko brot med realismen til soga for islend-
ingar på 1200-talet. Men jamvel om ein skulle ha lov til å rekna slik
strofekveding for heilt naturleg, så tykkjest strofene i M-t vera innmåta
i komposisjonen og dialogsamanhengen etter ein nøye uttenkt plan, slik
eg har haldi fram i det serlege stykket om strofene (s. 109-114).
Forma til då einskilde replikkane
a. Littercere drag
Det tidlegare omtala tvidraget i stilen til B, sameininga av reint lit-
terære og munnlege drag, kjem serleg klårt fram i replikkutforminga. Ei
rad litterære eigenskapar ved replikkane er drøfta tidlegare under gjen-
nomgåinga av ålmenne eigenskapar ved stilen. Vi skal då her sjå på sume
detaljar som gjeld replikkane serskilt. Etter grunnstrukturen sin er B ei
gruppe komiske situasjonar som er måta inn i ei ramme av episk utvikling.
I samsvar med denne grunnstrukturen får vi to hovudtypar av replikkar
i dialogane, p. d. e. s. dei replikkane som mest tener sogehandling og
djupare psykologisk personskildring, p. d. a. s. dei replikkane som ikkje
fører handlinga nemnande framover, som nok gjev tilskot til person-
skildringa, men som fyrst og fremst skal tena til å skapa komisk effekt.
I dei tragisk-dramatiske sogene hender det ofte at ein person gjer seg
ugløymande ved ein einaste blankslipa „monumental replikk", sagd i ein
avgjerande augneblink85. Dei sogeverka som står høgst, slik som Heims-
kringla eller Njål., har serleg mykje av dette. Desse replikkane skil seg
ut or samanhengen ved det tilkveste i form eller innhald, har eit slag
ålmenn gildskap, noko som hest viser seg i det at dei så ofte vert siterte.
Dei står der ned gjennom tidene som eit slag språklege bautasteinar. Sume
er beint fram ordtøke. Også i B finn vi fleire stader ordtøke eller gnomisk
lydande replikkar, såleis J’or.s hafa skal heil råd, hvadan sem koma 67386,
Dsp.s fdtt er hetr låtit en efni eru til 714-15, Vålis er pat hatt vid ordi,
at åmerkiliga pykki verda 207-8, Of.s margra manna augu verda féskjålg
85 H. Lie: Studier i Hkr.s stil s. 83-85.
86 F. Jonsson: fslenzkt målshåttasafn. - F. Jonsson meinte og å finna eit ordtøke
i str. 4. Jfr. s. 111-112.
-1