Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 20
gjennomførd og ei mindre konsekvent tekst av same soga og vi, som så
ofte i sogevitskapen, hovudsakeleg lyt byggja slutningane våre på tekstene
sjølve, kan det då of tast ikkje vera tvil om kva tekst som ålment bør
reknast for opphavlegare. Og serleg lyt dette gjelda dersom den mindre
fullkomne er yngre og for ein overvegande del let seg utleia av ei form
som har likna den eldre teksta.
Ein metodisk hovudveikskap ved mykje av tidlegare aldersfastsetjing og
gruppering i „ekte“ og „uekte“ i samband med sogetekster ligg i det at
ein har operert med ein meir eller mindre klårt definert „klassisk11 stil som
ufråvikeleg målestav. Argumentasjonen til F. Jonsson i hans utgåve av
Bandamanna saga (s. vm—ix) kan i så måte tena til skuledøme. Tanke-
gangen kviler på det postulatet at alle soger frå same periode i hovudsak
har hatt same kunstnarlege preg. Dette kan sjølvsagt vera rett langt på
veg. Men det er farleg å nytta visse abstraherte hovuddrag, som kan
henda gjev eit noko nær rett inntrykk av litteraturperioden som totalitet,
til grunnlag for vraking av meir uvanlege detaljar. Same kva ein elles
meiner om opphavet til sogelitteraturen, lyt ein rekna med at dei fyrste
oppskrivarane ikkje var media, men levande menneske med menneskeleg
individualitet, og at dei difor måtte skapa verk som bar merke etter dette.
Vil ein døma om „ekte“ og „uekte“ i eit sogeverk, bør ein difor ikkje vera
for snar til å fara etter annan litteratur og snøggfengne ålmenne inntrykk,
men fyrst og fremst leita seg fram til eigenarten hjå det litteraturverket
ein har føre seg. Finn ein der ein klar, samlande hovudtendens, bør ein
kunna rekna alle dei detaljar som naturleg ordnar seg inn under den, for
ekte og opphavlege, så sant ikkje serlege objektive kriteria viser at der er
tale om omarbeiding eller innskot.
På same vis som dei opphavlege sogeskrivarane var individualitetar, har
og dei som seinare skreiv av og forma om sogene, vori det. Dette gjer at
ein må vera sers varsam med å vilja løysa tekstkritiske problem ved gener-
elle formlar eller analogislutningar. I vårt tilfelle, der det er tale om
j amføring og val mellom to tekster som båe lyt gå attende på eldre førelag,
må ein primært vurdera einskilddetaljane ikkje ut frå ålmenne røynsler
om korleis avskrivarar kan fara åt, men ut frå dei serlege tendensane som
viser seg vera typiske for utforminga av kvar av dei to tekstene.