Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 21
19
Handskriftene
Alle no kjende tekster av B tilhøyrer anten den eine eller den andre av
to gjerder, M-gjerda og K-gjerda. M-g (M-gjerda) har fått denne
nemninga etter hovudhandskrifta av denne typen, AM 132 fol. (MoSru-
vallabok, M), ei fin og føreseggjord skinnbok. M inneheld berre islendinge-
soger. Dei er her oppførde i same fylgje som i skinnboka: Njåls, Egils,
Finnboga, Bandamanna, Kormåks, Viga-Glums, Droplaugarsona, Ql-
kofra, ff allfrebar, Laxdæla, FostbræSra saga. M må vera frå fyrste halv-
parten av det 14. h.å.1 B-teksta er skriven med same hånd som boka elles.
Ymse feilar viser at teksta er avskrift etter eit eldre førelag2. — Til M-g
høyrer og det brotet av soga som finst på eit skinnblad i Jon SigurSssons
samling i Landsbokasafn Islands (JS). Dette brotet er truleg frå det 15. h.å.
Teksta der er sers lik M-t og representerer anten ei systertekst eller ein
etterkomar etter M-t3. - Frå M-t ættar dei aller fleste no kjende tekster
av B som er skrivne på papir, i alt nærmare 30 avskrifter. - Hovudhand-
skrifta av K-g (K-gjerda), GI. kgl. sml. 2845, 4to (K), er frå kring 1400
eller den tidlegare delen av 15. h.å.4 Den inneheld desse sogene og tåttane:
Bandamanna s., Norna-Gests J>., Orms Jr. Storolfssonar, RauSolfs £>.,
Hålfs s. ok Hålfs-rekka, Gongu-Hrolfs s., Yngvars s. viSfprla, Eiriks s.
viSfprla, Hervarar s. Boka er skriven med to hender, dei fire fyrste og dei
tre siste stykka med same hånd. B-t i denne boka har rettare lesing sume
stader der det er feilar i M-t. K-t lyt difor jamstellast med M-t. - Tre
papirhskrr. inneheld tekster av soga som ættar frå K-t.
Eldre synsmåtar når det gjeld dei to
gjerdene av soga
Sume vitskapsmenner og avskrivarar på 1700-talet må ha vori merksame
på den store ulikskapen mellom B-hskrr. av M-g og K-g. Årni Magnusson
har vori klår over dette då han på ein innlima setel i AM 493, 4to klassi-
1 Jfr. t. d. Kålunds katalog og nedanfor s. 292, raerkn. 7.
2 Jfr. merknader til teksta i utg. 1956.
3 Jfr. utg. 1933 s. in—iv; If. VII s. xcm.
4 Slik sist J. Helgason i Manuscripta Islandica II s. xn.
2*