Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 22
20
fiserte teksta der som etterkomar etter K-t, og i Ny kgl. sml. 1727, 4to er
lesemåtar frå M-g og K-g førde saman1. H. FriSriksson tok omsyn til
papirhskrr. av K-g i utgåva si av 1850, men ikkje til sjølve K, og kom
difor ikkje til å leggja større brett på skilnaden mellom gjerdene2. Opp-
havet til striden om gjerdene av B er den meldinga av H. FriSrikssons ut-
gåve som G. Vigfusson let prenta i „Ny félagsrit“ 18583. Her vert det
sterkt framhaldi at den då uprenta teksta i K er „frumtexti sogunnar",
medan M-t er „å ymsar lundir aukin og ykt ur hinni sogunni, sem stendr
i konungsbok". Grunnar for synet sitt gjev G. Vigfusson ikkje. Denne
meldinga førde til at G. Cederschiold gav ut soga etter K i 18744. I inn-
leiinga grunngav Cederschiold overtydinga si om at K-g var den betre
og opphavlegare, ved å visa til stilen, som han hevda i K har „den aldre
sagostilens enkelhet och vårdighet“. Han peika på 3-4 døme der teksta i
M er meir omfangsrik enn i K, og meinte dette „må vara nog som prof“5.
I røynda har og alle dei som seinare har hevda at K-g er den opphavlegare,
nøgt seg med dette „provet“, både K. Maurer6, E. Mogk7, F. Jonsson8,
G. Jonsson9 og andre som har gått i deira fotefar. Ein må undra seg over
kor smånøgde desse vitskapsmennene har vori når det galdt argumentasjon
i eit såpass viktig spørsmål. Ein kan vanskeleg forklåra seg dette annleis
enn at visse inngrodde førestellingar om „klassisk" sogestil har fått dei til
å rekna det for unaudsynleg å granska saka nærare. Også E. 01. Sveinsson,
som ikkje tek stilling til kva gjerd som er den opphavlegare, held fram at
skildringane i M-t „have a certain post-classical appearance"10. Men j am-
vel om dette skulle vera rett, er det framleies uprova at K-g er opphav-
legare. Det såg alt R. Heinzel11. E. Magnusson hevda at M-t og K-t var
komne frå eit sams opphavsførelag, men at M-t ligg nærare opphavet12.
Han rekna det likevel for mogeleg at M-t inneheld „additions", slik
1 Utg. 1933 s. i—n.
2 Jfr. utg. 1850, innleiing.
3 Ny félagsrit XVIII 156-157. Same synet fasthaidi i Sturlunga saga I s. liii—Liv.
I Utg. 1874 s. il.
5 Utg. 1874 s. il—m.
0 Germania XIX 445-447.
’ Anz. f. deutsch. Alt. XXVII 232-233; litteratursoga 1904 s. 757.
8 I litteratursogene sine, t. d. litt. hist. II (1923) s. 464-465, og utg. 1933 s. v-xi.
' If. VII s. xcvii.
10 Corp. Cod. Isl. V 17.
II Beschreibung s. 110, fotmerkn.
12 Saga Library I s. xxvi-xxv.